Hopp til innhold

Her tek ørna med seg ein heil rev

Her gjer ørna det som ikkje skal vere mogleg – lettar frå bakken med ein heil rev mellom klørne.

ØRN TOK REV: Bileta er tekne av hobbyfotograf Jan Lars Nesje som bur i Stryn.

– Oj. Dette er større enn noko eg har målt, seier ørneforskar Alv Ottar Folkestad.

Hans «eigen rekord» er 3,2 kilo, og han trur reven kan vege enda meir.

– Normalt er det ikkje mogleg å lette med eit så stort dyr, seier Kjetil Aadne Solbakken, generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening.

Han har fått tilsendt bileta, og uttrykker ein blanding av «forundring og overrasking».

Han tek likevel atterhald:

– Det er litt som ein hundre meter. Om løparane har for mykje medvind, så tels det ikkje.

– Han ville neppe klart det utan vinden som hjelper til med løftet, seier Espen Lie Dahl, som har teke doktorgrad om korleis vindkraft påverkar havørn på Smøla.

Studiar viser at ørn har teke med seg lam og reinskalvar på 4 kilo i bratt terreng og utforbakke, men då mo ho sleppe byttet etter få meter i lufta.

Ørn tek rev

ÅTE: Hobbyfotograf Jan Lars Nesje reknar at reven, som han sjølv la ut som åte, kan ha vore opp mot 6 kilo tung.

Foto: Jan Lars Nesje

Doven og lat og veldig tjukk i magen

Torgeir Nygård er rekna som ein av Europas fremste ekspertar på ørn. Han er like overraska:

– Forsøk viser at dei er dårlegare til å løfte enn mange trur, seier han.

Ofte greier ho til og med ikkje å lyfte seg sjølv, forklarar han:

– Ørna er litt som barnet i ein godtebutikk. Ho kan ete så mykje at ho mister evna til å flyge.

Bileta er tekne av hobbyfotograf Jan Lars Nesje, som bur i Stryn. Han reknar at reven, som han sjølv la ut som åte, kan ha vore opp mot 6 kilo tung.

– Kanskje meir, for han var søkk våt.

– Beinet ser ut til å vere reinpilla

Jan Ove Gjershaug er ørneforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

– Det er grunn til å anta at mykje av reven var borteten og at han veide langt mindre enn 6 kilo, seier han.

Alv Ottar Folkestad hugsar ein episode for to år sida. Da såg han med eigne auge ein ørn ta med seg eit lam som sidan vart vege til 3,4 kilo. Terrenget helte nedover.

– Men ørna måtte sleppe alt etter 20–30 meter.

Han vil ikkje spekulere i kva reven vog, men poengterer at revepelsen ikkje absorberer mykje vatn, men prellar av; og at det høgre lårbeinet på reven «ser ut til å vere reinpilla».

– Også bukpartiet verkar nokså slunkent.

SJÅ VIDEO: To kongeørner samarbeider om å angripe ein hjelpelaus hjortekalv.

Drøymer om å fly heile tida

Ørn og deira bereevne er ein fascinasjon Folkestad deler med folk flest.

Symbolisert ved forteljinga om ørnerovet på Leka i 1932, der ein 19 kilo tung treåring etter sigande vart teke med til eit reie høgt oppe i Hagafjellet. Med vekt på etter sigande.

Folkestad er klar på at historia ikkje er sann i fysisk og historisk forstand, men likevel seier noko sant om mennesket og deira lengsler.

– Mennesket har jo denne evna til å drøyme om høgder, og luftas herskar er eit godt symbol på dette. Eg er ikkje noko annleis. Eg drøymer om å fly heile tida.

Mobilfilm av to ørner som angrip ein hjortekalv

GÅR TIL ÅTAK: Mobilfilm av to ørner som angrip ein hjortekalv