Hopp til innhold

Her tek den nye stortingsrepresentanten farvel med guterommet

– Eg håper folk forstår at det er ein spøk, seier nyvald stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V). I dag samlast det nye Stortinget for første gong.

Alfred Bjørlo skal ut av guterommet til Stortinget

FORLÈT: Avtroppande Stad-ordførar og ny stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) har tatt farvel med guterommet og med mor Ragnhild Bjørlo for å tre inn i Stortinget.

Foto: Privat

– Rommet har stått uendra sidan 80-talet, seier Alfred Bjørlo (V), ny stortingsrepresentant for Venstre.

Han presiserer at han ikkje bur heime hos mora si, at det er lenge sidan han flytta heimanfrå, og at han har vore folkeregistrert på eiga adresse i heile sitt vaksne liv.

– Det var ein liten spøk rundt noko det har vore mykje prat om, forklarar han.

Spøken kjem i bakkant av Aftenposten sine avsløringar denne hausten.

 Ei høgtideleg kjensle å gå inn i Stortingssalen og finne sin plass blant dei 169 som skal styre landet dei neste fire åra.

HØGTIDELEG: Det ga ei høgtideleg kjensle å gå inn i Stortingssalen og finne sin plass blant dei 169 som skal styre landet dei neste fire åra, seier Alfred Bjørlo.

Foto: Privat

«Guteroms-gate» og ei «skatte-finte»

I tur og orden har busituasjonen til ei rekkje stortingspolitikarar blitt sett i korta.

I Kjell Ingolf Ropstad sitt tilfelle enda «guteroms-gate» og ei «skatte-finte» med at han trekte seg som KrF-leiar.

Sidan har ei rekkje politikarar tatt kontakt med Stortinget for å finne ut om dei skuldar skatt på pendlarbustadar.

Presidentskapen på Stortinget har varsla full gjennomgang av ordningane om pendlarbustadar og etterlønn.

Fleire politikarar risikerer tilleggsskatt.

Torsdag denne veka skreiv Aftenposten om Kristian Tonning Riise (H), som vart vald inn på Stortinget i 2017. Han rapporterte då ei folkeregistrert adresse i Hedmark, utan å opplyse om at han samtidig eigde bustad i Oslo.

Nytt storting trer saman

Det nye Stortinget trer saman i dag, men høgtideleg opning av nytt storting skjer først 11. oktober.

Her vil kongen halde trontala, i samsvar med Grunnlova. Her les kongen opp planane for regjeringa sin politikk for det komande året.

Ved regjeringsskifte er normal praksis blitt at dette først skjer etter at trontala og forslaget til statsbudsjett er levert til Stortinget.

Deretter blir forteljinga om rikets tilstand lesen. Etter tradisjonen blir denne halden på nynorsk og vanlegvis av den yngste statsråden.

Nyvald stortingspolitikar Mímir Kristjánsson (Raudt) skriv at han er «stolt, men ikkje audmjuk» over å ha kome inn på Stortinget.

– Jonas Gahr Støre var positivt overraska over kor skikkeleg kledd eg var, men eg har bedd han lære meg å knyte slipsknute, skriv han vidare.