Hopp til innhold

Kryssa Hardangervidda på ski for å invitere dronninga på festival

Etter 250 kilometer på ski, fekk skiløparane frå Hardanger audiens hos dronninga.

Gjengen som gjekk på ski frå Lofthus er framme ved Slottet.

ENDELEG FRAMME: Oslovêret viste seg frå si beste side, då musikkfest-ekspedisjonen kom fram fredag.

Foto: Joakim Dokka Nordstad

– Vi måtte ta ei lita drosje frå Eggedal til Ringkollen. Vi kunne ikkje kome for seint i dag, ler Arne-Kristian Glück-Teigland.

Han og dei ti andre i turfølgjet er endeleg framme på Slottsplassen i Oslo. Etter kring 250 kilometer på ski den siste veka, kom dei fram fredag.

Målet med det heile? Å lokke dronninga til Hardanger Musikkfest.

– Av alle dei med blått blod, så er ho den kulaste. Unnskyld til resten av gjengen, men ho er «the shit», har Glück-Teigland tidlegare sagt til NRK.

Siste etappe for skiløparane frå Hardanger

Siste etappe før dei fekk formidla invitasjonen til dronninga.

Foto: Joakim Dokka Nordstad
Dronning Sonja helsa skiløparane frå Hardanger

Dronninga helsa skiløparane då dei nådde målet om Slottsplassen.

Skiløparane frå Hardanger facetimar dronninga

Sjølve samtalen med dronninga vart gjort via facetime.

Foto: Joakim Dokka Nordstad
På ski ned slottstrappa

Dei fleste brukar beina, men nokre brukar skia når dei skal ned slottstrappa. Etter dronningaudiensen var det tid for litt moro.

Foto: Joakim Dokka Nordstad

Jubileumsår for musikkfesten

I ei veke har dei vore på tur frå vest til aust, med mål om å invitera dronning Sonja til musikkfestivalen, som feirar 25 år i år.

Vel framme på Slottsplassen, vinka dronning Sonja til dei frå vindauget. Sjølve samtalen måtte dei ha på koronatrygg facetime.

– Tusen takk for hyggjeleg invitasjon, sa dronninga inne frå Slottet.

Den friluftsinteresserte dronninga hadde sett seg godt inn i ruta til turfølget, og ville gjerne sjå på kartet kvar dei gjekk.

– Kor fekk de det dårlege vêret då, spurte ho?

– På dag fem eller seks fekk vi ein storm midt i mot. Då var det godt vi hadde skjegg, ler Glück-Teigland.

Hardingar gjekk 350 kilometer på ski frå Lofthus til Oslo for å invitere dronning Sonja til Hardanger Musikkfest.

STRÅLANDE VÊR: Nokre dagar kunne bileta frå turen vore postkort.

Foto: ARNE-KRISTIAN GLÜCK-TEIGLAND

Tok lettaste ruta heim

– Det er ei ære at de har gått den lange friluftsturen. Det er eit godt stykke arbeid, og det står det respekt av, sa dronninga.

Frå Hardanger har ho også fått kort og gåver – sider, historiebøker og ein av dei siste skia som vart laga ved skifabrikken på Utne er nokre av gåvene.

– For to år sidan var vi i Granvin. Eg vart så begeistra for Ruth Lillegraven og ser det er ei bok av henne her òg, den gler eg meg til.

Heimturen etter friarferda var ikkje like spektakulær. Ein minibuss stod klar for å køyra dei heim att til Vestlandet.

Hardingar gjekk 350 kilometer på ski frå Lofthus til Oslo

DÅRLEG VÊR: ... andre dagar var det ikkje solkrem som stod øvst på prioriteringslista.

Foto: Arne-Kristian Glück-Teigland

Artikkelen er oppdatert 22.03.21 med at lengda på turen var kring 250 kilometer, ikkje 350 kilometer.