Hopp til innhold

Sjå han suse nedover fjellsida på Skåla

Ruben Røbekk (20) frå Førde driv med downhilsykling, ein relativt ny og langt frå ufarleg sport.

Sjå video frå den ekstreme sykkelturen ned frå Skåla.

IKKJE FOR PYSER: Nedover svært bratt terreng fyk Ruben Røbekk av garde på sykkelen sin. Her kan du bli med på turen. Foto: Privat. Musikk: House of Clowns - Ride With Me. Pony the Pirate - Psychopedia.

– Det skjer at folk går knallhardt på trynet. Dei seier at du kan kategorisere dei som driv med dette i dei som trynar og dei som trynar mykje. Eg har hatt flaks, seier Røbekk.

I videoen over kan du sjå kva han kategoriserer som flaks. Med tidvis svært stor fart susar han nedover Skåla, ein plass han aldri har vore før.

– Eg har berre målt farten ein gong, i Sogndal for eit par år sidan. Då var maksfarten 80 kilometer i timen.

– Eg storkosar meg, eigentleg

Skåla ned på sykkel

UNNA VEG: Her kjem Ruben Røbekk.

Foto: Privat

Til trass for farten og faren for fall, skildrar Røbekk kvarteret (pausar inkludert) på veg ned om lag 1000 høgdemeter som ei stor oppleving

– Det er ganske fint. Eg storkosar meg, eigentleg. Etter kvart som ein har køyrt ein del føler ein seg komfortabel. Det er nesten verre å gå ned, ler han.

Nervane er som regel vekke så snart framhjulet tippar utfor, og slik var det også på denne turen.

– Som regel er eg litt nervøs like før start, men eg har lært meg at det ikkje er vits å vere redd. Skåla er ein fin plass å køyre. Eg skal tilbake, seier Røbekk.

Vann geit – går for nye premiar

Røbekk er ikkje ny i sporten, ein sport han forklarar starta på 1990-talet og skaut fart for 5–6 år sidan.

For to år sidan vann han ei geit (!) for å vere raskast i kinesisk utfor på Fjellsportfestivalen i Sogndal.

– Eg har hatt pause i to år på grunn av skader og billappen. No er interessa tilbake, og eg følte for å trene meg opp att og vere med på nye konkurransar.