Sjå kva kommunar som har fått fleire og færre arbeidsplassar

Talet på arbeidsplassar stuper i fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Berre i Ytre Nordfjord har det forsvunne totalt 609 jobbar frå 2001 til 2012.

Utvikling arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

SLIK HAR DET UTVIKLA SEG: På kartet ser du kva kommunar som har fått fleire og færre arbeidsplassar. Tala er endring i tal offentlege og private arbeidsplassar frå 2000–2011.

Foto: Google Maps

Det å ha ein jobb å gå til er for mange det aller viktigaste i livet. Mange vil gjerne ha jobben i nærleiken, i sin eigen kommune.

Men det er nødvendigvis ikkje alltid like enkelt. Tal som NRK har fått utarbeidd av Telemarksforskning viser at mange kommunar i Sogn og Fjordane har mista ein heil del arbeidsplassar dei siste åra.

I Ytre Nordfjord har kommunane Bremanger, Selje og Vågsøy totalt mista 761 private arbeidsplassar dei siste 12 åra. Berre i Selje er ein fjerdedel av dei private arbeidsplassane vekke.

Trond Inge Kvernevik som er sjef ved A/S Fiskevegn likar dårleg at arbeidsmarknaden i kommunen krympar.

– Det er sjølvsagt beklageleg at næringslivet krympar rundt oss.

– Men dei sterke underliggjande faktorane som styrer dette er ikkje spesielle for Selje. Vi registrerer dette og må prøve omstille oss for den nye verkelegheita, seier Kvernevik til NRK.no.

Følte seg tvinga ut av landet

Inne i lokala til Fiskevegn på Flatraket i Selje går maskinene for fullt. Her blir det produsert utstyr til oppdrett og fiskerinæringa over heile verda.

I dag er det rundt 50 tilsette ved bedrifta, men det kunne vore fleire. I 2001 flagga verksemda ut deler av produksjonen. No har dei tilsette i Selje 90 kollegaer i Latvia.

– Det var heilt uunngåeleg. Prisane på råstoff i Norge var høgare enn prisane på halvfabrikat i utlandet.

– Så det var ikkje noko alternativ, seier Kvernevik om kvifor dei måtte flytte utanlands.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Inge Kvernevik som er sjef ved A/S Fiskevegn

FLAGGA UT: Trond Inge Kvernevik ved A/S Fiskevegn seier det var heilt nødvendig for dei å flagge ut deler av produksjonen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dystre tal

Og det er ikkje berre desse private arbeidsplassane som har gått tapt i Ytre Nordfjord. Distriktet har hatt eit enormt fråfall av private arbeidsplassar.

Heile 761 private jobbar har forsvunne frå Selje, Vågsøy og Bremanger frå 2001 til 2012. Vekst i offentleg sektor er ikkje i nærleiken av å kompensere for dette. Totalt har arbeidslivet i desse kommunane minka med 609 jobbar. Det viser tal NRK har fått frå Telemarkforsking og SSB.

– Verda rundt deg forandrar seg i ein viss fart, og du må forandre deg i ein viss fart. Om verda forandrar seg fortare enn du gjer, kan det gå gale. Greier ein å omstille seg fort nok, så henger ein med, seier Kvernevik om dei nedslåande tala.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Utvikling private arbeidsplassar i kommunar

Kommune

2000

2011

Endring

Prosentvis endring

Flora

3983

4219

236

5.9

Gulen

726

865

139

19.1

Solund

272

262

-10

-3.7

Hyllestad

559

449

-110

-19.7

Høyanger

1450

920

-530

-36.6

Vik

919

831

-88

-9.6

Balestrand

352

382

30

8.5

Leikanger

456

543

87

19.1

Sogndal

2632

2732

100

3.8

Aurland

534

563

29

5.4

Lærdal

568

531

-37

-6.5

Årdal

2306

2203

-103

-4.5

Luster

1155

1256

101

8.7

Askvoll

797

759

-38

-4.8

Fjaler

747

775

28

3.7

Gaular

740

706

-34

-4.6

Jølster

623

632

9

1.4

Førde

4953

5417

464

9.4

Naustdal

358

341

-17

-4.7

Bremanger

1337

1043

-294

-22.0

Vågsøy

2503

2301

-202

-8.1

Selje

1039

774

-265

-25.5

Eid

1657

1771

114

6.9

Hornindal

370

315

-55

-14.9

Gloppen

1800

1928

128

7.1

Stryn

2974

2965

-9

-0.3

Førde har fått 1500 nye jobbar

Lenger sør, i den største byen i Sogn og Fjordane, Førde, er situasjonen ein heilt annan. Sidan 2001 har det kome 1500 nye jobbar i kommunen, 1038 av dei er innanfor offentleg sektor.

Atle Hamar

GLER SEG: Atle Hamar gler seg over at Førde har fått fleire arbeidsplassar dei siste åra.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Atle Hamar er direktør for Lotteri- og Stiftelsestilsynet som er blitt etablert i Førde. Han gler seg over veksten av arbeidsplassar i kommunen.

– Det er ein veldig flott vekst. Tilsynet eg leiar står for 70 av dei nye arbeidsplassane, seier han til NRK.no.

Han meiner det er viktig å sjå at arbeidsplassane i Førde også kjem nabokommunane til gode.

– Ein må sjå veksten i Førde i lys av at Førde er ein motor i ein arbeidsmarknadsregion som kanskje tel så mykje som 35.000 innbyggjarar, viss ein ser på nabokommunane og områda rundt.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Utvikling offentlege arbeidsplassar i kommunar

Kommune

2000

2011

Endring

Prosentvis endring

Flora

1424

1570

146

10.3

Gulen

368

368

0

0.0

Solund

153

151

-2

-1.3

Hyllestad

232

223

-9

-3.9

Høyanger

876

801

-75

-8.6

Vik

400

429

29

7.2

Balestrand

335

249

-86

-25.7

Leikanger

1130

1061

-69

-6.1

Sogndal

1072

1449

377

35.2

Aurland

412

345

-67

-16.3

Lærdal

491

508

17

3.5

Årdal

768

772

4

0.5

Luster

726

732

6

0.8

Askvoll

448

398

-50

-11.2

Fjaler

420

423

3

0.7

Gaular

328

325

-3

-0.9

Jølster

389

378

-11

-2.8

Førde

2560

3598

1038

40.5

Naustdal

360

306

-54

-15.0

Bremanger

509

558

49

9.6

Vågsøy

800

801

1

0.1

Selje

321

423

102

31.8

Eid

1033

1044

11

1.1

Hornindal

161

151

-10

-6.2

Gloppen

782

833

51

6.5

Stryn

749

909

160

21.4

600 nye jobbar berre innan helse

Lenger inne i sentrum ligg Førde sentralsjukehus. Det er den suverent viktigaste motoren i samfunnsutviklinga her. 600 av dei nye jobbane i kommunen dei siste elleve åra kjem innan statlege helsetenester, ifølgje tal NRK har fått frå NAV.

Ifølgje Telemarksforskninga har offentleg helse i Førde auka frå 2000 til 2008, men opplevd nedgong dei siste åra. Knut S. Vareide seier mykje av veksten før opprettinga av helseføretaka.

Bernt Ove Flekke som er kommunikasjonssjef i Helse Førde seier dette om veksten som NAV viser til:

– Vi har ikkje tal som stadfestar at det er blitt så mange fleire stillingar som 600 i Helse Førde frå 2002 til 2011. Frå 2006 og fram til i dag, har vi derimot tal som indikerer at Helse Førde ikkje har vakse.

Auke totalt

– Det er likevel grunn til å tru at det har vore ein auke totalt i stillingar i perioden 2002 til 2011. Helse Førde har sidan føretaket vart etablert i 2002, overteke, oppretta og utvikla ulike tenester, funksjonar og tilbod.

Flekke seier eit slikt døme er ambulansetenesta, som tidlegare var privatdrive. I dag utgjer ambulansetenesta i Helse Førde rundt 160 årsverk åleine. Eit anna døme er økonomi- og rekneskapsfunksjonar, som dei tok over frå fylkeskommunen.

– Eit tredje døme er nye og utvida tilbod innan hud, kreft, patologi, brystdiagnostikk og laboratoriefag, seier Flekke til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde sentralsjukehus 7

NYE ARBEIDSPLASSAR: Ifølgje tala NRK har fått utarbeidd av Telemarksforskning har det blitt 600 nye jobbar innan statlege helsetenester i Førde kommune dei siste åra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Meiner folk kan bu ein plass og jobbe ein annan

Etter Førde har Sogndal skapt 477 nye jobbar, og Flora 382. Utover desse er det berre Gloppen, Eid, Gulen, Luster og Stryn som kan vise til særleg vekst.

Verst er stoda i Høyanger, heile 605 jobbar er vekke dei siste 11 åra. Atle Hamar vil ikkje svartmåle situasjonen.

– Eg trur først og fremst at vi i Sogn og Fjordane må vere opptekne av at det går an å bu i fylket, at det går an å jobbe her.

– Samtidig må ein vere så ærlege å seie at om så jobbane er i Førde, Sogndal og Eid, så er det likevel mogleg å bu i områda rundt og betale skatt til eigen kommune.

– Nokon må lage noko

Tilbake i Selje ønskjer folk å ha trua på framtida. Trond Inge Kvernevik meiner det framleis må vere rom for å skape næring utanom byane.

– Alle kan ikkje selje tenester. Nokon må laga noko, og ein stad må det skje. Kan det skje i Norge er det bra for våre lokalsamfunn, seier han til NRK.no.