Hopp til innhold

Her stemmer statsministeren: – Viktig for meg å stemma på valdagen

Statsminister Erna Solberg (H) har venta med å stemme til valdagen. Ho håpar på borgarleg regjering, men innrømmer at ho er usikker på valresultatet.

Statsminister og Høyre-leder Erna Solberg stemte ved Skjold skole i Bergen mandag formiddag.

VALDAG: Høgre-leiar, Erna Solberg, seier ho er usikker på utfallet av valet.

– Eg liker å stemma på valdagen for å få kjensla av at valdagen er her, seier statsminister Erna Solberg.

Høgre-leiaren kom gåande til fots til stemmelokala på Skjold skule i Bergen like før klokka 10.30 måndag.

Vel inne var Solberg rask bak gardina, men måtte vente med å legga stemma si i urna til mannen var ferdig.

– Eg liker valkamp, så eg skulle gjerne hatt ei veke til, seier Solberg.

– Høgtid

Høgre-leiaren seier målet er 25 prosent, og at det andre målet er å behalda borgarleg regjering.

–Det er alltid gøy og høgtid med valdag. Eg er usikker på korleis valet kjem til å utarte seg, seier ho.

Vil du fortsetta som partileiar om du ikkje vinn?

– Akkurat no skal me ta veljarane sin dom, og så ta all anna diskusjon etter valet, seier Solberg.

Fremskrittspartiets leder Sylvi Listhaug la mandag formiddag sin stemme til stortingsvalget i en valgurne i Hovseter Idrettshall i Oslo. Hun hadde med mannen sin.

STEMTE I OSLO: Partileiar i Frp, Sylvi Listhaug, stemte i Oslo og hadde selskap av mannen sin.

Også Frp- leiar Sylvi Listhaug hadde venta med å stemma til valdagen. Ho og ektemannen stemte på Hovseter skule i Oslo.

– Endeleg skal ein avgje stemma etter å ha jobba hardt heile valkampen, seier Listhaug.

–Eit maraton

– Eg er veldig stolt av innsatsen ho har gjort og heile partiet. No er det berre å venta på det endelege resultatet, seier mannen til Listhaug, Espen Espeset.

Listhaug seier det har vore eit maraton og mimrar tilbake til årets valkamp.

– Beste stunda var då me gjorde det bra i skulevalet, som ingen hadde spådd. Eg hadde ein god magefølelse, og den slo til, seier ho.

Partileiar i MDG, Une Bastholm, var sistemann ut av partileiarane til å stemma. Ho stemte på Foss vidaregåande skule i Oslo.

– Det er mykje som står på spel for oss, så eg er først og fremst spent, seier ho.

Det er spesielt spennande for partileiaren om dei kjem seg over sperregrensa.

– Eg trur det er sannsynleg at me kjem over sperregrensa, men eg er førebudd på begge deler, seier Bastholm.

Partileder i MDG, Une Bastholm, var sistemann ut av partilederne til å stemme. Hun stemte på Foss vidaregående skole i Oslo.

SPENT: Une Bastholm, partileiar i MDG, er spent på om partiet kjem over sperregrensa.

Fleire har førehandsstemt

Fleire av partileiarane har valt å førehandsstemma. Audun Lysbakken, partileiar i SV, stemte allereie 27. august i Bergen.

Bjørnar Moxnes (Raudt), Jonas Gahr Støre (Ap), Guri Melby (V) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) stemte i går.

Audun Lysbakken forhåndsstemmer i Bergen

FØRST UT: Partileiar i SV, Audun Lysbakken, var først ut og førehandsstemte 27. august i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB