Hopp til innhold

Her står lastebilane i kø utanfor tunnelen – utan sjanse til å snu

FJÆRLAND (NRK): Lastebileigarar etterlyser plassar å snu på når tunnelane blir stengde. – Det kan skape farlege situasjonar, svarer Statens vegvesen.

Lastebileigarar etterlyser plassar å snu på når tunnelane blir stengde. – Det kan skape farlege situasjonar, svarer Statens vegvesen.

LANGE KØAR: – Hadde snuplassane vore utanfor tunnelane, ville yrkestrafikken hatt moglegheit til å snu når det er stengt, seier Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Førre veke vart den 6,4 kilometer lange Fjærlandstunnelen på riksveg 5 stengd i eitt døgn etter eit ras inne i tunnelen. På begge sider av tunnelen vaks køane.

Personbilar kunne enkelt snu, medan vogntoga stod skårfaste. I time etter time etter time.

– Hadde snuplassane vore utanfor tunnelane, ville også yrkestrafikken hatt moglegheit til å snu når det er stengt, seier Rolf Olav Tenden, dagleg leiar i transportverksemda Thor Tenden Transport AS.

Han får støtte frå seniorkonsulent Magne Ahlin i Slinde Transport.

– Det burde ikkje vere så omfattande å lage til løysingar slik at tungtrafikken kan snu, seier han.

Rolf Olav Tenden

VIL HA SNUPLASS UTANFOR TUNNELANE: Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport AS ønskjer snuplassar utanfor tunnelane.

– Fordel for redningstenesta også

Jon Askeland er fylkesordførar i «tunnelfylket» Vestland.

– Eg trur lastebileigarane peikar på noko viktig. Det er vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, for vogntog å snu inne i tunnelane, seier han.

Tunnelane i Noreg er regulert i EUs tunneldirektiv og Tunnelsikkerhetsforskrifta. Regler for «havarinisjer, snunisjer og møteplassar» er beskrive i Vegdirektoratet si handbok N500, men omhandlar berre snuplassar inni tunnelane – ikkje utanfor.

Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, seier snuplassar på utsida av tunnelar også vil vere ein fordel for redningstenestene.

– Når det er så mykje stengingar, hadde det vore fint for oss å ha ein plass utanfor å sette frå oss utstyr på, seier han.

I september var han i aksjon då ein kjempestein fall frå taket i Berdaltunnelen.

Reinhardt Sørensen i brannvesenet.

HADDE VORE FINT: Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, seier snuplassar på utsida av tunnelar også vil vere ein fordel for redningstenestene.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Kan skape farlege situasjonar

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, peiker på at omsynet til trafikktryggleik gjer at det er uheldig med snu-nisjar like utanfor tunnelopninga.

– Det kan skape farlege situasjonar, forklarar han.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for den 6397 meter lange Fjærlandstunnelen, som vart stengd førre veke. Uhellet skjedde i samband med at det vart laga ein snuplass for brøytebilar – inni tunnelen.

Finden

FORSTÅR UTSPELET: Svenn Finden i Statens vegvesen forstår ønsket til Rolf Olav Tenden, men snu-nisjar like utanfor tunnelopninga kan skape farlege situasjonar.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

1. januar i år vart ansvaret for fylkesvegnettet overført frå Statens vegvesen til dei nye fylka. Fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland, Dina Lefdal, vil ikkje spekulere i kva nye snuplassar vil kunne koste.

– Vi har ikkje oversikt kva dette eventuelt vil medføre av kostnader for fylkeskommunen, seier ho.

– Ikkje eit alternativ å bli ståande i timevis

Sigurd Reksnes er fylkesleiar for Senterpartiet i Vestland. Snuplassar utanfor tunnelane «bør kunne løysast på ein enkel måte», seier han.

– Dette er ei næring som lever av å vere punktlege. Då er det ikkje noko alternativ å bli ståande i timevis.

Bård Hoksrud (Frp) er fraksjonsleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Han varslar at han vil følgje opp ønsket om fleire snuplassar på nasjonalt nivå.

– Eg vil be samferdselsministeren sjå på moglegheitene for å kunne etablere snuplassar også for tungtransporten. Eg trur det er fullt mogleg, seier han.

Samferdselsdepartementet har ikkje svart på NRK si førespurnad.

Bård Hoksrud fra Frp gjør seg klar til et digitalt møte fra veikanten.

PÅ BALLEN: Bård Hoksrud (Frp) varslar at han vil følgje opp ønsket om fleire snuplassar på nasjonalt nivå.

Foto: Privat