Hopp til innhold

Her smeller det norske OL-håpet til frå start

FØRDE (NRK): Han og makkeren er eit av Noreg sine største gullhåp i sommar-OL neste år. No gjer Anders Mol alt for å unngå skader før det som kan bli tidenes sesong.

Anders Mol i aksjon for Førde VBK.

KNALLHARDT: Anders Mol var ein av Førde sine viktigaste spelarar i eliteseriekampen mot Koll i Førdehuset laurdag.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Saman med Christian Sørum har han tatt bronse i VM, gull i EM og vunne verdsserien samanlagt i sandvolleyball. Men no er det knallharde norske golv som gjeld. Ei stor utfordring for ein som lever av å spele i sanden.

– Innandørs er ein heilt annan belastning for oss og det underlaget vi har rundt om kring i hallar i Noreg er jo litt uvant for oss. Men vi passar på det og denne opptrappinga med hopping går gradvis, seier Anders Mol til NRK.

Fram til nyttår skal OL-håpet spele Førde VBK sitt elitelag. Laurdag blei det ein jamn og tøff kamp mot Oslo-laget Koll. Mol var med og sørga for at Førde kunne trekke det lengste strået og sikre viktige poeng.

– I denne perioden fram til januar så hadde eg ikkje planlagt å spele sandvolleyball. Då tenkte eg at det er ein kjempemoglegheit for meg til å halde kroppen i gang og samtidig vere ein del av eit større lag.

Førde vore eit godt lag i norsk volleyball i mange sesongar og Mol trur at han vil få mot matching fram mot oppkøyringa til OL-sesongen neste år. Då blir det sand under føtene og full satsing på norsk medalje i Tokyo.

– Etter nyttår skal vi vere på Tenerife og trene der, så startar sesongen i mars allereie. Då er over til stranda igjen, seier Mol.

Slekta til Anders Mol er full av gode volleyballspelarar, ikkje minst mamma Merita Berntsen Mol som deltok for Noreg i sandvolleyball under OL i Atlanta i 1996.

Anders Mol og Christian Sørum

OL-DUO: Anders Mol og Christian Sørum er eit av Noreg sine gullhåp under OL i Tokyo i 2020.

Foto: Emil Sollie / RedBull