Hopp til innhold

Her skal helikopteret flyge i skytteltrafikk

Vegvesenet dreiv med spyling av fjellsida over Finnsåstunnelen i Årdal heilt til mørket kom i går ettermiddag. Når lyset kjem att i dag startar det omfattande arbeidet opp att.

Spyling av fjellsida over Finnsåstunnelen i Årdal med Super Puma

MÅ VEKK FØR VEGEN KAN OPNE: Dei lause jord- og steinmassane i fjellsida over fylkesveg 53 må vekk før det er trygt å sleppe trafikantane forbi. Her blir stein og jord spylt vekk ved hjelp av helikopter.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ras Årdal - Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

KREVJANDE: Byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen seier rydde- og sikringsarbeidet etter raset ved Finnsåstunnelen er omfattande.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– I dag skal vi stort sett drive med spyling av fjellsida. Vi fekk gjort rundt 50 dropp med vassposen i går, og fekk ned mykje lausmassar, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Rune Dvergsdal.

I dag er det ei veke sidan eit stort parti av fjellsida over fylkesveg 53 i Årdal losna og dundra ned i vegbana. Til alt hell vart ingen personar eller bilar trefte av dei enorme jord- og steinmassane.

– Veldig mykje lausmassar att

På grunn av utfordringar med å få tak i eit stort nok helikopter, fekk Vegvesenet først starta med det omfattande spylearbeidet i fjellsida i går. Då gjekk ikkje arbeidet heilt etter planen, etter at spylearbeidet måtte avbrytast i halvannan time etter at sjølve vassposen rakna.

Etter kvart som meir og meir vatn vart sleppt ned i fjellsida, oppdaga Vegvesenet sine folk at det er meir lause massar i fjellsida enn dei først hadde trudd.

Også reinskelaget frå Mesta, som fysisk har fira seg nedover fjellsida og pirka laus stein med spett, har fått betre oversikt. Dei har meldt tilbake at arbeidet vil ta lenger tid fordi det er mykje lause steinar i fjellsida.

Dvergsdal seier det er både små og store steinar, og at begge deler kan føre til livsfarlege situasjonar for trafikantane.

Ryddinga av raset nede på vegen vil ikkje starte opp før fjellsida er sikra godt nok.

Ras i Årdal

TRULEG LITE SKADER: På sjølve vegbana er det truleg lite skader, har Vegvesenet tidlegare uttalt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Håpar å kunne gje svar i løpet av dagen

Torsdag kjem ikkje reinskelaget til å arbeide i fjellsida, då spylinga og reinskinga kjem i konflikt med kvarandre. Ifølgje Dvergsdal skal reinskelaget opp att i fjellsida i morgon.

– Arbeidet vi får gjort i dag vil gje oss svar på mykje når det gjeld kor tid vegen kan opne att. Vi har ikkje svar no tidleg på dag, men når det lir litt ut på dagen skal vi vere sikrare på kor tid vi kan opne, seier Dvergsdal.

Årdal-rådmann Olve Fossedal sa til NRK i går at dei må akseptere at rydde- og sikringsarbeidet tek tid. Han registrerer samtidig at fleire har uttalt seg kritisk til både kommunen og Vegvesenet sitt arbeid, mellom anna på sosiale medium.

Vegvesenet har tidlegare signalisert at dei håpar å opne vegen att før helga. Etter at dei oppdaga at omfanget av rydde- og sikringsarbeidet er meir omfattande enn venta, varsla dei i går at dette no er høgst usikkert.

Dvergsdal forsikrar om at Vegvesenet jobbar for fullt heilt fram til vegen kan opne att.