Hopp til innhold

Her skal ferja gå på batteri i 2015

Fjord1 vann ikkje fram med klagen sin, dermed er det endeleg klart at det blir eit nytt selskap som tek over ferjedrifta på Lavik-Oppedal frå 2015. Selskapet Norled kjem då med verdas første utsleppsfrie ferje.

Lavik ferjekai med bilferja "Gulen"
Foto: Ottar Starheim / NRK

Allereie i sommar vart det kjent at det ikkje lenger ville vere Fjord1-ferjer som skulle frakte bilar og passasjerar over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal. Anbodet på strekninga vart nemleg vunne av konkurrenten Norled AS, men Fjord1 klaga på avgjerda.

I dag kom svaret frå Samferdsledepartementet – dei held der fast på tildelinga og om få år er det dermed slutt for Fjord1 på E39-sambandet over Sognefjorden.

I Norled er administrerande direktør Ivan Fossan svært godt nøgd med at dei har sikra seg kontrakten for tidsrommet 2015–2024.

– Vi har heile tida vore trygge på at vi hadde levert eit særs godt, for ikkje å seie det beste anbodet, seier Fossan.

Klaga, men vann ikkje fram

Den nye kontrakten for drift av ferjesambandet på E39 over Sognefjorden vart lyst ut i februar i år og det var til slutt fire selskap som var med i kampen om å få anbodet. Det var Norled, Torghatten, Fjord1 og Boreal Transport Nord.

Selskapet som skal drifte sambandet må kunne gjere det med tre ferjer, der ei av dei skal oppfylle strenge krav til energi- og miljøeffektivitet.

Etter at Vegdirektoratet hadde vurdert dei forskjellige tilboda kom dei fram til at Norled var det beste. Dei var både billegast og skåra best i forhold til miljø- og energikriteria. Fjord1 klaga på vedtaket, men i dag vart det altså klart at dei ikkje vann fram med denne klagen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Illustrasjon av dei nye Norled-ferjene som skal gå på Lavik-Oppedal

SLIK BLIR DEI: Slik skal dei dei nye ferjene frå Norled sjå ut.

Foto: Norled AS

– Bra for miljøet

Den eine av dei tre ferjene som selskapet set inn på sambandet frå 2015 er ei 100 prosent batteridriven ferje.

Alle dei tre ferjene skal ha plass til 120 bilar og Ivan Fossan i reiarlaget Norled er stolt over det dei har fått til.

– Vi har bidrege til å utvikle heilt ny teknologi for drifta av dette sambandet, noko som vil vere bra for miljøet og gjer god økonomi for oppdragsgjevar, Statens vegvesen. Lavik-Oppedal får no ei helt utsleppsfri ferje, seier Fossan.

Gler seg over prioriteringane til styresmaktene

Han meiner vidare at det er grunn til å gle seg over at styresmaktene på denne måten gjer det klart at dei vil satse på nettopp innovasjon og miljøteknologi når dei lyser ut ferjesamband på anbod.

– Vi både håper og trur at dette kan setje ein ny standard for bransjen i åra framover. Den løysinga som no er endeleg valt syner korleis tekniske nyvinningar kan gje konkrete bidrag til å nå viktige miljømål. Norled synest det er gledeleg å kunne vere i front i bransjen i denne utviklinga.

– I si tid vart gassferjer utvikla fordi det var eit klårt uttrykt ønskje om det. No tek vi eit steg vidare og utviklar heilt utsleppsfrie ferjer. Vi synest det er både gledeleg og interessant at styresmaktene tek i bruk anbodsregimet for å fremje innovasjon og utvikling på denne måten, seier den administrerande direktøren.