Hopp til innhold

Her skal dei lage 15.000 sveler i året

EID (NRK): Dei har aldri laga sveler før. No skal Leon Knapskog og Alexander Hilland ta vare på sveletradisjonen.

Leon Knapskog og Alexander Hilland

GLER SEG OVER OPPDRAGET: Leon Knapskog og Alexander Hilland skal lage tusenvis av sveler det kommande året.

Foto: Asgeir Reksnes

– Eg starta i jobben for to dagar sidan, så eg er utruleg glad for at eg får moglegheita til å lage svelene, seier Alexander Hilland hos Minibakeriet på Nordfjordeid.

Det er dette bakeriet som har fått oppdraget med å lage sveler som skal vere i automatane på ferjesambandet Anda-Lote. Og det er ikkje få sveler dei skal steike i løpet av 2018.

– Det blir nok 15.000 sveler i år, men vi håper på meir. Dette blir nesten ein fulltidsjobb, seier han.

Måtte kutte steikinga på ferjene

I 2017 selde Fjord1 heile 800.000 sveler i året. Svela er altså svært populær og det skapte stort engasjement i sosiale medium då folk frykta at det ikkje ville bli sal av sveler på dei nye el-ferjene som skal trafikkere Anda-Lote.

Årsaka er at dei elektriske ferjene må vere forsiktige med kor mykje straum dei brukar. For å spare straum, har ferjeselskapa planar om å kutte i kioskdrifta.

No står ingrediensane til svelene på rekke og rad hos Minibakeriet. Dagleg leiar Leon Knapskog lovar ferjesveler etter god, gamal oppskrift.

– Ja, vi brukar Fjord1 si oppskrift. Det var viktig at vi skulle det.

Leon Knapskog og Alexander Hilland

HAR FÅTT DREISEN PÅ DET: Etter prøving og feiling, har no Leon Knapskog og Alexander Hilland fått taket på røra og steikinga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eksperthjelp

Leon Knapskog lagar røra og lar den svelle litt før han startar steikinga. Men det var ikkje berre-berre å ta over ein fleire tiår gamal tradisjon og få svelene perfekte.

– Vi har aldri laga sveler, så vi har halde på nesten ei veke og testa kvar dag. Det var vanskelegare enn eg trudde. I starten blei dei litt små, tunge og rare, fortel Knapskog.

Så for å få svelene slik dei skal vere, ringde dei ekspertisen.

– Vi ringde ei som har jobba på Anda-Lote tidlegare. Ho gav oss gode tips, så no begynner det å bli bra.

– Forstår du kvifor det blir mykje oppstyr og at folk sakna svela?

– Ja, dette er ein tradisjon som har vore kjempelenge både på Vestlandet og andre stader, så det er veldig forståeleg.

Trur folk vil like svelene

Framover skal svelene altså seljast frå automatar på ferjene. Knapskog håpar og trur at folk vil like dei.

– Vi lagar og leverer kvar dag, så det blir ferske sveler. Men det blir spennande. Det er kjøling på automatane, så det blir litt annleis enn når svelene ligg nysteikte i romtemperatur. Men smaken på svelene blir god, lovar han.

Og etter kvart som kioskar har blitt nedlagde på fleire ferjesamband, håper Knapskog at dei kan utvide tilbodet sitt.

– Eg håper dette blir så suksessfylt at vi kan utvide til andre ferjer også, men vi får først sjå korleis det går på Lote-Anda.

Leon Knapskog og Alexander Hilland

OPPSKRIFTA: Den kjem frå Fjord1 og er same som blir brukt på alle ferjene.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK