Hopp til innhold

Her skal barna få gå på epleslang heilt lovleg

Ventelista på parsellhagar i byar blei firedobla mellom 2010 og 2017. No får ein bydel i Bergen ein heilt ny eplehage til glede for heile nabolaget.

Bybonden i Bergen, Ida Kleppe.

FELLES EPLEHAGE: Om nokre år vil eplehagen stå klar og bli ein sosial møtestad for innbyggarane på Landås. Bybonden Ida Kleppe er ein av dei som står bak prosjektet.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Urbant landbruk er i vinden som aldri før. Av den grunn lanserte regjeringa nyleg ein strategi for å legge meir til rette for dyrking i byar og tettstader.

I Bergen kom tanken om at ein liten, ubrukt skråning hadde potensial til å bli ein frodig eplehage, frå nabo Thomas Berland.

– Eg syklar forbi her, og har mange gongar tenkt at her burde det vore noko, seier han.

Han tok difor kontakt med nabolagsorganisasjonen Bærekraftige liv på Landås i Bergen. Dei jobbar for å redusere klimaavtrykk og auke livskvaliteten i nabolaget.

Der fekk han beskjed om å sende inn ein søknad om støtte til Bergen kommune, og enda opp med å få innvilga eit tilskot på 100.000 kroner.

– Det er fint å tenke på at ungane kan plukke seg eit eple på veg heim frå skulen.

Området som er farga raudt skal om eit par år bli ein frukthage til glede for heile nabolaget.

Thomas Berland.

GOD NABO: Thomas Berland tok initiativet til å lage ein felles frukthage for nabolaget.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Lange ventelister

I regjeringa sin nye strategi for urbant landbruk, kom det fram at ventelista for parsellhagar i byar blei firedobla frå 2010 til 2017.

Når 82 prosent av befolkninga i Noreg bur i byar og tettstadar, kan urbant landbruk bidra til å nå FNs berekraftsmål, ifølge regjeringa.

Men då må i så fall omfanget bli mykje større enn i dag.

I Bergen er bybonden Ida Kleppe ein av dei som jobbar med å fremme urbant landbruk. Ho er ansatt i Vestland Bondelag og stillinga er finansiert av mellom anna Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

Ho og Bærekraftige liv er ansvarlege for gjennomføringa av prosjektet.

– Det handlar om berekraft og auka livskvalitet. Vi tenker at ein frukthage for nabolaget vil kunne oppfylle begge, seier ho.

Planen er å plante epletre, pæretre og bærbusker. Nabolaget skal vere med på å hauste, men også halde ved like frukthagen.

– Vi har trua på at forankringa til nabolaget her er veldig sterk, og då vil også naboane vere med på å ta vare på den, seier Kleppe.

Bybonden i Bergen, Ida Kleppe.

I GOD JORD: Bybonde Ida Kleppe sjekkar kvaliteten på jorda som epletrea skal plantast i.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Urbant landbruk har store ringverknader

Dagleg leiar av Lystgården som er prosjektleiar for bybonden, Liv Karin Lund Thomassen, håpar at interessa for berekraft og lokal matproduksjon er kome for å bli.

– Eg trur folk kjenner ei djup meining med å dyrke sin eigen mat, å forstå kor den kjem frå og arbeidet som ligg bak.

Ho er positiv til regjeringa sin nye strategi for tilrettelegging for urbant landbruk.

– Det som er unikt med strategien, er at der er heile sju statsrådar som står bak. Det er eit teikn på at regjeringa har forstått at urbant landbruk handlar om mykje meir enn den gulrota ein dyrkar, men har store ringverknader.