Hopp til innhold

Her set turistane seg i livsfare ved brefronten

Utan tanke for eige liv og tryggleik kryssar turistane sperringane ved brefronten i Jostedalen. Det varme sommarvêret gjer isbreen livsfarleg.

Her er turistane i livsfare

I LIVSFARE: Turistane set seg sjølv i livsfare når dei trassar sperringane og tek seg fram til brefronten.

Foto: Anne Rudsengen / SNO

Brefronten ved Nigardsbreen er utsett for ras, noko som også kan føre til at elva ved breen fløymer opp. Dette er det tydeleg opplyst om med fareskilt, i tillegg til kjettingsperringar. Anne Rudsengen frå Statens naturoppsyn fortel at turistar likevel stadig tek seg fram til brefronten.

– Eg trur det skjer kvar dag. No har vi, saman med Luster kommune, Brevegen, Jostedalen breførarlag og politiet ei turnusliste som gjer at vi er inn til breen kvar dag for å sjekke at sperringane står som dei skal, seier ho.

Ho er overtydd om at dei som tek seg fram til breen er klar over at dei gjer noko dei ikkje burde.

– Det er markert tydeleg med internasjonale farefargar, gult og svart, og kjettingar. Det er heilt klart at dei som kryssar sperringane og tek seg heilt inn til breen gjer det bevisst, seier Rudsengen.

Turistar kryssar sperringane på isbreen

FLØYMER OPP: Isblokkane som fell frå breen kan hamne i elva, noko som gjer at den fløymer opp.

Foto: Anne Rudsengen / SNO

Det milde vêret denne sommaren gjer ifølgje Rudsengen brefronten farlegare enn vanleg. Store isblokker kan raskt falle frå breen.

– Desse hamnar i hovudsak i elva, noko som gjer at den fløymer opp, og når folk nærmar seg breen vert dei trekte mot elva. Eg vil oppmode om å halde seg unna breen og elva, og be alle reiselivsaktørar om å fortelje turistane sine at dei skal ta vare på seg sjølv, seier ho.

– Kan ikkje stenge folk ute

Når turistane trassar både sperringar og fareskilt er det vanskeleg å gjere meir for å halde dei unna brefronten, seier Rudsengen.

Inger Lill Lanes, Aina-Elise Stokkenes og Anne Rudsengen

FELLES TILSYN: Regionlensmann Inger Lill Lanes (f.v.), naturforvaltar i Luster kommune Aina-Elise Stokkenes, og Anne Rudsengen frå SNO på felles tilsyn ved breen.

Foto: SNO

– Vi kan ikkje fysisk stenge folk ute av naturen, og vi har heller ikkje noko mynde til å seie at ein ikkje skal ferdast i området. Om ein held seg på rett side av sperringane er ein trygg, og dei fleste held seg der, men det er alltid nokon som går framfor.

Rudsengen trur at det er lettare for andre å følge etter om nokon først tek seg forbi sperringane. Ho fortel også at ho på fredag sjølv såg ein familie ta seg fram til brefronten. Sjølv om det gjekk eit lite ras heldt familien fram med å vere i området for å ta bilete.

– Då sto eg saman med breførar på andre sida av elva. Det er umogleg å rope over fordi det er så mykje lyd i elva, men vi veiva med armane for å forsøke å få dei unna. Heldigvis gjekk det bra denne gangen, seier ho.