Hopp til innhold

Her ser du det einaste sjukehuset som har fått økologisk godkjentstempel

Sjukehuset i Førde er i dag det einaste helseføretaket i Noreg som serverer femten prosent økologisk mat. I Sverige er 42 prosent av maten på sjukehus økologisk.

Førde sentralsjukehus i gråvêr

DEBIO-GODKJEND: Helse Førde er som fyrste og einaste sjukehus blitt Debio-sertifisert. Her kan du no bli servert opptil 15 prosent økologisk mat.

Foto: Oddgeir Sæle

– Det er vi veldig stolt over. Og vi skal jobbe for å nå enda høgare, seier avdelingssjef ved Helse Førde, Torstein Solset.

Helseføretaket har no Debios valørmerke i bronse. Det vil seie at dei serverer minimum 15 prosent økologisk mat.

– Vi vil ha fleire norske produkt. Norsk tomat, agurk, potet og grønsaker, seier kjøkkensjef ved sjukehuset, Elin Haugen.

Helse Førde

EPLE FRÅ SOGN: Desse epla har kjøkkensjefen gleda seg stort til å få. Dei er lokale, kortreiste og nyhausta.

Foto: Oddgeir Sæle

Håpar fleire følgjer etter

– At helseføretak set mat på dagsorden er gledeleg, seier Peter Møller, rådgjevar i Debio.

Utover Helse Førde, har også St. Olav på eit tidspunkt hatt sertifisering frå Debio.

I tillegg har fleire kommunale eller private helseinstitusjonar eit valørmerke i bronse, sølv eller gull. Mellom andre Arendal kommune, Tingvoll sjukeheim og Overhalla storkjøkken.

– Vi ser fleire og fleire som set økologisk og berekraftig mat på menyen og vi håper at Helse Førde kan vere eit førebilete for andre helseføretak, seier Møller.

Helse Førde

SERVERER ØKOLOGISK MAT: Dersom du held til på Helse Førde helseføretak, kan noko av maten din vere økologisk produsert.

Foto: Oddgeir Sæle

Fleire har som mål å tilby meir økologisk mat

I 2008 starta Helse- og omsorgsdepartementet det nasjonale prosjektet «Miljø- og klimatiltak i spesialisthelsetenesta». I forlenginga oppstod delprosjektet «Grønt sjukehus», med mål om 15 prosent økologisk servering hos føretaka.

– Helse-Førde fortener honnør for å ta leiing i den viktige miljøsaka som dei no har gjort. Eg håper fleire institusjonar følgjer på, i tillegg til at dei held oppe rutinar om å vurdere bebuarane sin ernæringsstatus regelmessig, seier Randi J. Tangvik, som er klinisk ernæringsfysiolog ved UiB.

Ho viser til at det offentlege handlar inn mat for veldig mange millionar kroner per år, til sjukehus, sjukeheimar, fengsel og andre institusjonar.

– Det er på høg tid at det offentlege tek desse store innkjøpa på alvor, seier ho.

"Vi ønskjer sterkare involvering frå sentrale myndigheiter og nasjonale leverandørar, slik at ein kan få fram og belyst behov, ønskjer, moglegheiter, målsettingar, miljøaspekt og nasjonale rammeavtalar", heiter det i Norsøk sin rapport om økologisk mat i sjukehus.

Helse Førde

STORKJØKKEN: Sjukehuset har rundt 600 munnar å mette.

Foto: Oddgeir Sæle

– Nabolanda våre er meir ambisiøse

Debio fører ikkje statistikk for andre land, men det er kjent at Noreg skil seg negativt ut når det gjeld satsing på økologisk produksjon og servering i Europa.

I Danmark skal 30 prosent av forbruket i offentlege kantiner vere økologisk innan 2030.

I Sverige ligg dei no på 42 prosent økologisk mat på sjukehus.

– Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) må straks sørge for at mange fleire enn Helse Førde satsar på god ernæring, seier leiar i Økologisk Noreg, Markus Hustad.

Han legg til:

– Statsråden bør også stille krav til innkjøp av økologisk mat for offentlege verksemder som sjukehus og sjukeheim, slik dei gjer i mange av våre naboland. Fleire eldreheimar i for eksempel i København serverer allereie berre økologisk mat.

Helse Førde

SERTIFIKAT: Slik ser Debios valørmerke i bronse ut.

Foto: Oddgeir Sæle