Hopp til innhold

Museum i Bergen sender utstyr for å beskytta ukrainsk kunst

Fleire museum i krigsherja Ukraina må no pakke ned kunsten og evakuera. Universitetsmuseet i Bergen sender ned utstyr som skal beskytta kunsten i Lviv.

Pakkar ned utstyr frå Bergen til Lviv

UTSTYR: Alt dette skal sendast til Lviv.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Sjølvsagt må me hjelpa til! Det er ikkje så lett. Eg veit jo ikkje om dei museumstilsette der er i live eller har søkt vern.

Marie-Louise Lorentzen er malingskonservator ved Universitetsmuseet i Bergen.

Ho er initiativtakaren som tok grep då ho fekk e-posten med ein appell frå det internasjonale museumsforbundet.

International Council of Museums ber om utstyr til å pakka ned og beskytta kunst og kulturskattar i den krigsråka byen Lviv.

– Eg har kasta meg rundt til dei kontaktnetta eg har. Dei har vore heilt fantastiske, seier Lorentzen.

Ho ringde dei andre musea i Bergen, som sa ja til å hjelpa.

– Det har vore eit svært logistikk-arbeid. Telefonen har ringt heile tida. Folk frå ulike land med ulike språk. Eg har til og med fått tak i ein mann som har arbeidd for kulturdepartementet i Ukraina.

Marie-Louise Lorentzen

INITIATIVTAKAR: Malingskonservator Marie-Louise Lorentzen ved Universitetsmuseet i Bergen sette i gong innsamling av utstyr for å redda ukrainske kulturskattar.

Foto: Camilla Nordby / Universitetsmuseet i Bergen

– Kjekt å hjelpa til med noko

Både Bymuseet, Hordamuseet og Universitetsmuseet i Bergen hjelper til når det er kulturskattar som skal vernast om.

– Me fekk vel beskjed om dette i ni-tida i dag, og då heiv me oss rundt.

Det seier samlingsforvaltar Nina Moldskred ved Bymuseet, medan ho pakkar utstyr for harde livet.

Utstyret skal brukast for å pakka inn ulike museumsgjenstandar, slik at dei kan bli stua vekk og ikkje gå tapt i kampane.

Statue i Lviv

PAKKA INN: Ei statue skal pakkast inn og pakkast ned.

– Det er veldig kjekt å hjelpa til med noko. Me sit jo makteslause og ser på TV frå Ukraina, så det er kjekt å gjera noko konkret, seier Moldskred.

Harald Frode Mårstig er driftsleiar ved Hordamuseet, og seier det ikkje er ei enkel oppgåva dei har blitt sett til.

– Ein skal vera god i logistikken og alt skal på plass. Me håpar at alt går greitt med transporten vidare, seier han.

Mykje utstyr skal pakkast i traileren før dei køyrer av garde. Ikkje berre med kunstutstyr, men med humanitær hjelp, erfarne sjåførar og eit nettverk av hjelparar i Bergen, Krakow og Lviv.

Traileren i Bergen er klar for avreise, med utstyr for å redda ukrainske kunstskattar.

KLAR FOR AVREISE: Traileren er ferdigpakka med utstyr frå musea i Bergen, for å bidra til å redda ukrainske kunstskattar.

Foto: Jan-Ketil Smørdal

Imponerande last på kort tid

På lageret står òg konservator ved Universitetsmuseet i Bergen, Christina Holmefjord, og viser fram alt utstyr dei har fått inn og skal senda av søraustover.

Hanskar, verneutstyr og ein heil haug med brannsløkkingsapparat, er noko av det semitrailerane skal fyllast opp med.

Holmefjord er nøgd med alt som har kome inn.

– Det er ganske imponerande kva me har fått til på så kort tid. Me snakkar om naudredding her, så dette er ikkje ting som du vanlegvis finn i ein fin konserveringslab med fint silkepapir, seier Holmefjord.

Konservatoren understrekar at det humanitære behovet utvilsamt er størst, men at ein må kunne ha to tankar i hovudet samtidig.

– Menneske går alltid først, men det er mogleg å tenka to ting. Heldigvis har me kompetanse til å bidra med det me kan, seier Holmefjord.

Christina Holmefjord

IMPONERT: Konservator ved Universitetsmuseet i Bergen, Christina Holmefjord.

Foto: Øyvor Bakke / NRK