Hopp til innhold

Så fekk elevane på Skei også stemme

Engasjerte ungdomar på Skei skule fortvila før helga. I dag fekk deg likevel seie sitt om framtida for kommunen. Ni av ti elevar stemte nei til kommunesamanslåing ved skulevalet.

Frå venstre: Elias Roko Eide, Benjamin Mulen Sunde og Ruben Flatjord Kjøsnes

FEKK HA SKULEVAL: Elevar ved Skei skule, frå venstre Elias Roko Eide, Benjamin Mulen Sunde og Ruben Flatjord Kjøsnes (framme). Fredag var dei fortvila over at dei ikkje fekk ha skuleval, i dag fekk dei likevel stemme.

– Personleg er eg ikkje så overraska over resultatet. Men det viktigaste er at folk stemmer og seier si meining, seier Benjamin Mulen Sunde, tiandeklassing ved Skei skule.

Fredag stod han og andre elevar fram og var fortvila over at berre ein av to skular med ungdomstrinn i Jølster kommune hadde skuleval om kommunereforma. Engasjementet rundt spørsmålet om kommunesamanslåing har vore spesielt stort i Jølster, også blant dei unge.

– Veldig positivt at alle fekk stemme

Rektor ved Skei skule, Gerd Sunde Førde, seier dei fredag fekk mange reaksjonar frå ungdomsskuleelevar som gjerne skulle ha stemt ved eit skuleval. Slik dei hadde fått på Vassenden skule. Ho seier dei difor heiv seg rundt og arrangerte skuleval i dag.

– Eg synest det var veldig positivt at dei arrangerte val på lik linje med Vassenden, seier Mulen Sunde og seier det har vore viktig for ungdomen at jamgamle på kvar kant av kommunen skal få seie sitt på same måte.

95,2 prosent av dei 46 elevane på ungdomstrinnet deltok og stemte over alternativa:

  • A: Jølster kommune held fram som eigen kommune
  • B: Jølster slår seg saman med Førde kommune, Gaular kommune og Naustdal kommune

Ni av ti mot samanslåing

90 prosent av elevane stemte mot samanslåing, medan ti prosent stemte for samanslåing.

På Vassenden skule var resultatet til samanlikning 22,4 prosent mot samanslåing og 77,6 prosent for samanslåing.

– Det er tydeleg at folk er engasjerte, seier Mulen Sunde om resultatet på Skei skule.

– Det viser at det ikkje nødvendigvis er alle som er samde, legg han til.

Alle som er fødde i år 2000 eller tidlegare kan røyste ved det ordinære valet om kommunereforma i Jølster i dag. Det vil seie at dei eldste ungdomsskuleelevane, tiandeklassingane, kan vere med å gje kommunepolitikarane i Jølster eit råd dei har lova å høyre på. Mulen Sunde har inntrykk av at mange av dei unge i kommunen har nytta røysteretten.

Om ein slår saman resultata for dei to ungdomsskulane i Jølster er det eit fleirtal for kommunesamanslåing. 63 av 116 røysta for Indre Sunnfjord. Det utgjer 54,31 prosent av dei avgjevne røystene blant ungdomskuleelevane i Jølster.