Hopp til innhold

Her seglar det norskeigde skipet ut av koronakrisa

Framtidstru og vaksine gjer at dette skipet med plass til 8000 bilar sett kursen ut av Sognefjorden. Bilsalet er 7,7 prosent høgare enn på same tid i fjor.

"Porgy" seglar ut av opplag i Vetlefjorden.

PÅ VEG TILBAKE: «Porgy» har plass til fleire tusen bilar. No har skipet forlate opplag i Sognefjorden.

Foto: Arnstein Menes

Då pandemien råka, forsvann marknaden for transport av bilar nærast over natta. I januar i fjor var spådomane dystre.

– Shippingindustrien er veldig avhengig av Kina, så vi trur vi vil sjå ein alvorleg krise i nærmaste framtid, sa Rahul Kapoor frå IHS Markit Maritime & Trade til Bloomberg.

Ho fekk heilt rett. Enorme fabrikkar stengde ned og etterspurnaden etter nye bilar stupte.

Det norske reiarlaget Wallenius Wilhelmsen måtte sette 16 av sine bilskip i opplag.

To av skipa, «Porgy» og «Asian Emperor», hamna i den idylliske fjordarmen Vetlefjorden i Sogn. Der har dei ligge og venta på betre tider.

Og for nokre dagar sidan losna «Porgy» trossene og sette kursen ut av norske farvatn.

Mot ein verdsøkonomi som er i ferd med å stable seg på beina.

I januar gjekk bilsalet opp med 7,7 prosent samanlikna med i fjor.

– Høgare prisar på innleigde fartøy har gjort reaktivering av skip i opplag meir økonomisk gunstig, seier Fredrik Tangeraas i Wallenius Wilhelmsen.

– Optimismen i bransjen er tilbake

– Containermarknaden har gått som rakkern, seier Erik Tønne, sjef for marknadsanalyse i shippingselskapet Clarksons Platou.

På det meste var om lag 50 skip i opplag verda rundt. I sommar vil talet vere nede i 10, trur han.

– Vi kan seie at bilskipsmarknaden no er tilbake der han var før korona og nedstenging.

Seniorrådgjevar i Kantar, Anders G. Hovde, viser til at nybilsalet får eit ekstra skyv frå det grøne skiftet.

– Optimismen i bransjen er tilbake, seier han.

«Asian Emperor» i Vetlefjorden 19. mai 2020.

MAI I FJOR: Då pandemien råka, forsvann marknaden for transport av bilar nærast over natta. To av skipa, «Porgy» og «Asian Emperor», hamna i den idylliske fjordarmen Vetlefjorden i Sogn.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Vonar på normalisering

Ordføraren i Sogndal bur rett i nærleiken av staden der «Porgy» og «Asian Emperor» har vore i opplag.

– Då eg såg første skipet kom uti fjorden her, så tenkte eg at no er verda komen tett på oss. Det var jo eit teikn på at ting stoppa opp då dei kom hit, seier Arnstein Menes til NRK.

– Kva tenker du om at skipa er på veg ut att til den store verda?

– Eg tolkar det som at verda er på veg til å normalisere seg.

I mai fekk Dag Anton Boge skipa rett framfor hytta si ved fjorden.

No er han glad for at skipsfarten tek seg opp att, sjølv om han presiserer at dei nye naboane «ikkje har vore til sjenanse».

– Det er vel kanskje eit teikn på at verda nærmar seg normalen att.

Nabo til bilskip i Vetlefjorden

GLAD NO: – Eg er glad for at skipsfarten tek seg opp att, seier Dag Anton Boge, som fekk skipa rett framfor hytta si.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Vaksinenyheiter er viktig

Det er rundt 800 skip rundt om i verda som er designa for frakt av bilar. Svært mange av dei blei lagt i opplag då mange bilfabrikkar i Asia måtte stenge i fjor.

– I sommar, då det stod på som verst, trur vi at så mange som 200 bilskip var i opplag, seier Lars Bastian Østereng i Arctic Securities.

– Er dette eit symbol på at ein no ser lys i enden av tunnelen for verdsøkonomien?

– «Lyset» var nok i realiteten vaksinenyheitene i oktober. Dersom vaksinane fungerer som dei skal, vil dei fleste industriar halde fram med å hente seg inn att, seier Østereng.

Security officer rides a motorbike as he patrols past new cars parked at the IPC Car Terminal in Jakarta

OPTIMISME: Mange bilprodusentar måtte stenge heilt ned for eit år sidan. No er produksjonen av bilar og etterspurnaden på veg mot eit normalnivå.

Foto: Antara Foto / Reuters