Her samlar dei kollekten via SMS

FØRDE (NRK): Vi bruker stadig mindre kontantar og det fører til problem når kollekten skal samlast. I Førde har dei funne løysinga: mobil og SMS.

Me brukar stading mindre kontantar og det har ført til utfordringar også for kyrkja. For det blir lite i kollekten, når folk ikkje har pengar på seg. I Førde har dei funne løysinga: mobil og SMS.

KONTANTLAUST: No kan du òg betale kollekten via SMS. (Video: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK)

Kyrkjegjengarane i Førde har sidan i fjor haust kunna gje offergåver på moderne vis. I tillegg til den tradisjonelle kollektposen, er òg mobilen akseptert.

– Det er ikkje så mange som har cash på seg. Vi har mange gode formål vi samlar inn pengar til og treng å ta inn offer. Så vi er nøydde til å henge med i tida, seier prest Marte Ottesen.

Prest Marte Ottesen

NY TID: Prest Marte Ottesen seier dei er nøydde til å hengje med i tida.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Selskapet Mobile Accept er ein av leverandørane som tilbyr denne typen gåvetenester. Dei har om lag 50 kyrkjer i Norge og Sverige på si kundeliste.

– Det er mange som leitar etter ulike måtar å gjere det på, både betalingsterminalar og SMS. Motivasjonen vår er å få inn meir midlar, seier kyrkjeverje Oddvar Etnestad.

Ein av dei som fekk god nytte av mobilen i dag var Kristian Landro Hjelle.

– I dag gløymte eg pengane i bilen. Så dette er ein smart måte å gjere det på: smart og enkel, seier han.