Hopp til innhold

Her rullar tjuvane vekk dekk for tusenvis av kroner

– Det er skikkeleg surt. Men det viser at vi ikkje kan ha ståande usikra ting ute, seier dagleg leiar Ståle Kjell Kvammen i Førde Vulk.

Dekktjuvar på Førde Vulk

RULLAR VEKK: Tjuvane stakk av med 12 komplette brukte lastebildekk under besøket på Førde Vulk.

Foto: Førde Vulk

Dekkleverandøren i Førde hadde natt til torsdag ubedne gjester på besøk. Ikkje mindre enn to gonger mellom midnatt og 03 om natta var dei innom og forsynte seg med 12 komplette brukte lastebildekk.

Verdien er kring 25.000 kroner pluss moms. Verdiane kunne fort blitt større, trur dagleg leiar Ståle Kjell Kvammen.

– Dei hadde nok sikkert tenkt å vere der lenger, men vart truleg skremde av ein bil slik at dei gøymde seg. Så reiste dei rett etterpå, seier han.

Fanga på kamera

Dekktjuvar på Førde Vulk

TO MENN: To menn er observert på området natt til torsdag.

Foto: Førde Vulk

Det tjuvane ikkje visste, var at ugjerninga vart fanga av videoovervakingskamera. Saka er meld til politiet.

Kvammen og nokre kollegaer har i sosiale medium bede publikum om hjelp til å oppklare tjuveriet. Dei har også publisert overvakingsbilete frå natta.

– Du ser to karar som er innom og triller ut dekk. Du ser ikkje at dei lastar dekka inn i noko bil, men kamera har fanga opp ein kvit varebil, seier Kvammen.

– Tjuvane tok med seg dei beste brukte dekka. Dei var godt brukande, legg han til.

Varebil med stige

Dekktjuvar på Førde Vulk

BIL: Tjuvane forsvann truleg i denne bilen.

Foto: Førde Vulk

Politiet sikra torsdag både fotavtrykk og bileta frå overvakingskamera. Regionlensmann Dag Fiske seier at dei førebels står utan spor, men at dei også har publisert bilete internt i politiet.

– Bilen er naturlegvis av interesse. Det køyrer mange kvite varebilar rundt, men denne har ein stige bak. Akkurat det er litt uvanleg, seier han.

Dag Fiske

TIPS: Regionlensmann Dag Fiske seier at dei ynskjer tips om både bilen og personane som vart fanga av overvakingskameraet.

Foto: SIGRID SIVERTSEN HAUGAN / NRK

Registreringsnummeret på bilen er ukjent.

– Vi ser slike tjuveri med jamne mellomrom, og har tidlegare sett at brukte dekk kan hamne i Aust-Europa. Der er dekka gjerne fullt brukande i 50.000 kilometer til, seier Fiske.

Tredje gang sidan 2011

Det har ikkje vore tilsvarande tjuveri i området siste tida. Men for Førde Vulk er det ikkje første gang at dei har ubedne gjester på besøk.

For fire år sidan forsvann tjuvar med dobbelt så store verdiar. Då vart fire austeuropearar arresterte. I 2011 forsvann 13 dyre lastebildekk.

Kvammen seier dekka som forsvann i natt skulle på eit lager.

– Det viser at vi må skjerpe oss og ikkje ha ting ståande usikra. Utfordringa etter ein dekksesong er at ting fort kan bli ståande ute. Den sjansen bør vi kanskje ikkje ta lenger, men vi er jo vaksne opp med at vi kan sette ting ute utan at det forsvinn, seier Kvammen.

– Slik er det ikkje lenger. Tida har endra seg, konstaterer han.