Hopp til innhold

Her raste det i Aurland: Meir regn i vente

I dag har regnet vaska over Sogn og skapt store trafikale problem. Nedbøren vil halde fram mot helga i store delar av landet, seier meteorologen.

Det raste utanfor ein tunell i Aurland.

AURLAND: Her fossar vatn, stein og grus ned fjellsida ovanfor Bakkatunnelen i Aurland.

– Ein vil nok trenge paraplyen også dei komande dagane, det seier Per Egil Haga, vakthavande statsmeteorolog.

Regnskurane over Sogn i dag førte til fleire ras og fleire stengde vegar. Til alt hell har ingen blitt skadde i nokon av skreda som har gått både i Årdal, Skjerdal, Undredal og i Gudvangen. E16, ei av hovudfartsårene mellom aust og vest i Noreg blei stengt i fleire timar.

I Gudvangen måtte ein sjåfør kaste bilen i revers for å unngå eit kjempeskred ovanfor ferjekaia.

– Han satt i bilen og var egentlig på vei inn i raset. Men han klarte å sette bilen i revers og komme seg unna, fortel Jon Olav Stedje, ved Aurland hamnevesen

Eit lågtrykk gjer at dei fleste stadar i landet vil få nokre fuktige dagar framover mot helga.

Stadig er det venta inn regnbyer frå Nordsjøen som vil dekkje store delar av vestlandet og i morgon kan intensiteten ta seg litt opp att, fortel meteorologen.

– Vi vil nok vurdere om vi må sende ut nokon farevarsel igjen men det er enno ein litt usikker vêrsituasjon, seier Haga.

Det verste er over

I forkant sende NVE ut gult farevarsel om flaum og skredfare, men hydrolog ved flaumvarslinga til NVE, Tommy Skårholen seier at faren no skal vere mindre dei komande dagane.

– No ser det ut til at det verste har passert og vi ventar at vassføringa i dei fleste vassdrag kjem til å søkke, seier han.

Ras i Aurland
Foto: Ole Morten Lie

Vått dei fleste stadar

– Det vil fortsette med bygevêr i store delar av landet, seier Haga.

Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg har lågtrykk og regn i vente dei komande dagane.

Men fredag, laurdag og søndag vil by på litt tørrare vêr austafjells, og meteorologen seier det er Austlandet som vert vêrvinnaren i helga.

Der kan ein både vente seg sol og oppimot 20 grader enkelte stadar, kan meteorologen avsløre.

Les også Det ene raset etter det andre: Jan Øyvind måtte flykte fra dette

Dette kamera fanget opp raset som gikk over veien i Gudvangen.
Foto: Cautus geo