Hopp til innhold

Steinrasfare stenger populær sykkelveg i dramatisk natur for godt

EIDFJORD (NRK): Den spektakulære gamlevegen i Måbødalen ved Vøringsfossen på kanten av Hardangervidda blir aldri gjenopna. Stor rasfare gjer at Vegvesenet ikkje torer å sleppa syklistar dit.

Gamlevegen i Måbødalen er stengt

STENGT: Ny geologisk rapport viser ei dyster framtid for gamlevegen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Riksveg 7 slyngjer seg oppover den spektakulære Måbødalen mot det kjende turistmålet Vøringsfossen på kanten av Hardangervidda.

Den einaste måten å koma seg frå Hardangerfjorden og opp til fossen og vidda, er gjennom fire bratte og svingete tunnelar. Men her får ikkje syklande og gåande ferdast.

Fram til 2013 kunne ein sykla gamlevegen, men for fem år sidan gjekk det eit stort ras der, og sidan har den vore stengd.

Turistkontoret i Eidfjord får ofte spørsmål frå folk som vil sykla opp til Hardangervidda.

Marit Stadheim

Dagleg leiar i Destinasjon Eidfjord, Marit Stadheim.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det einaste vi kan svare er at dei må høyre om dei får lov til å ta sykkelen med på bussen. Sidan raset gjekk i 2013 har vi venta på kva som skal skje med gamlevegen, seier turistsjef i Eidfjord, Marit Stadheim.

Ingen veg for syklande og gåande

Det er fleire og fleire sykkelturistar i Noreg og på Vestlandet, både norske og utanlandske. Dei har brukt den historiske og verna gamlevegen i Måbødalen.

Vegvesenet har innhenta både interne og eksterne vurderingar, og ein risikoanalyse. Men ein geologisk rapport frå juni i år, viser ei dyster framtid for gamlevegen.

Ras i Måbødalen

IKKJE BERRE HUMPAR I VEGEN: Ifølge rapporten ligg det hundrevis av blokker og steinar i vegbana.

Foto: Statens vegvesen

– Rapporten er dramatisk. Han viser at det er store nedfall og det vert sterkt tilrådd å halda vegen stengd, seier seksjonsleiar Carl-Erik Nielsen i Statens vegvesen.

Det betyr at riksveg 7 opp Måbødalen, vegen frå Eidfjord og opp til Hardangervidda, ikkje kan nyttast for syklande og gåande.

Svært kostbart å sikra vegen

I rapporten kjem det fram at det har gått mange skred over gamlevegen dei to siste åra og at skredfaren er vurdert som svært høg. Også arbeidet med å sikra vegen vil vera svært farleg.

– Slike vegar konkurrerer med riksvegane om løyvingar. Å finansiera skredsikring, som kanskje vil koma opp i hundre millionar, er urealistisk, seier Nielsen i Statens vegvesen.

Ras i Måbødalen

SVÆRT RASFARLEG: Bilete i rapporten viste store øydeleggingar etter ras og skred.

Foto: Statens vegvesen

Ordføraren i Eidfjord, Anved Johan Tveit synest det er vanskeleg å argumentera mot geologar som seier at det er stor rasfare, men håpar på ei ny vurdering.

– Vi prioriter dette høgt og påverkar i dei kanalane vi kan, for å få midlar slik til at vegen kan sikrast. Måbødalen ein del av «Nasjonal turistveg Hardangervidda», så vi meiner dette må sjåast på i den samanhengen, seier Tveit.

Anved Johan Tveit

Ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ser på andre løysingar for syklistar

Statens vegvesen håpar dei saman med kommunen og reiselivet kan finna andre løysingar for syklande i framtida.

– På kort sikt kan eit tiltak vera skyttelbuss for sykkeltransport i regi av kommunen. Meir langsiktige og kostbare tiltak er betre tunnelsikring på riksveg 7, seier Nielsen.