Hopp til innhold

Sjå video: Her losnar den enorme isproppen

Nedbør og kraftig temperaturauke førte til at enorme ismengder trua med å øydelegge hus og campingvogner på Breim i Nordfjord.

LOSNA BRÅTT: Dei store ismengdene i Breimselva er no i ferd med å renne ut i Breimsvatnet.

  • SISTE: Den store isproppen er no i ferd med å losne.
  • Eigarar av campingvogner fryktar at vassmassane har øydelagt mykje

– Isen har losna i elveløpet oppover, så har det demt seg opp ved utløpet av elva ved campingplassen. Her er tre-fire meter med is oppover i høgda, seier brannbefal Joar Flølo til NRK.

Campingplassen er evakuert og fleire vogner frakta vekk.

– Eg har aldri opplevd liknande. Vi vurderer situasjonen nøye utover kvelden, seier Flølo.

Men rett etter klokka 16 kom meldinga om at isproppen har losna og mykje av isen har hamna ut på det store Breimsvatnet.

Reed camping ispropp flaum

ISPROPP: Den brå vêrendringa frå sibirkulde til vårtemperaturar har gjort at store mengder is har losna og sperrar Breimselva.

Foto: Sindre Seppola Reed

Men for hytteeigarane Randi Liaset og Lars-Ståle Djupegot er situasjonen fortvilande.

– Eg trur det er vi som er hardast råka denne gongen. Men vi kan ikkje gjere så mykje. Går ikkje an å gå inn, seier dei til NRK.

Brannvesenet har fått beskjed frå NVE at dei ikkje kan byrje noko arbeid før situasjonen er meir avklart.

Campingplasseigar Inge Johnsen blei sjølv varsla av media om flaumen. Han fortel at han har varsla både NVE og kommunen om at dette kunne kome til å skje.

– Ein frå kommunen sa at dei ville opp og sjå på det, men det er no for seint når det alt har skjedd, seier Johnsen.

RENN OVER: Store mengder vatn og is frå Breimselva skapar flaum på Breim i Nordfjord.

Store ismengder trugar Reed camping.

NATURFENOMEN: I løpet av den siste veka har det vore fleire tilfelle der is proppar seg i elvene.

Foto: Sindre Seppola Reed