Hopp til innhold

Her opnar kongen vegen som blei kåra til den verste i landet

I 1936 opna kong Haakon det som seinare blei landets verste veg. I dag er den historie.

Haakon VII og Mr. Singer i samtale etter vegopninga i Innvik

VEGPRAT: Kong Haakon VII og kunstmålar og stålarving William Henry Singer i samtale etter vegopninga i Innvik i 1936.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Få vegar i landet har ei historie som kan måle seg med den til fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Her har barnefamiliar køyrd med hamrande hjarte i frykt for steinras, her har bubilturistar nekta i rygge i god Marve Fleksnes-ånd, her står skiltet med «Norges verste veg» og her har politikarane brukt år på å diskutere pengebruk og vegstandard.

I 2008 var det ikkje uvanleg med trafikkork mellom Olden og Innvik. Denne vart filma av Steinar Vollan.

SJÅ VIDEO: Passeringar, som denne i 2008, har ikkje vore uvanlege syn på riksveg 60 mellom Olden og Innvik. (FOTO: STEINAR VOLLAN)

Ei historie har ofte ein start, og for fylkesveg 60 Olden–Innvik startar den med ein amerikansk mangemillionær som forelska seg i norsk natur.

Ei svært raus pengegåve

Tidleg på 1920-talet flytta Anna og William Singer inn i Singerheimen i Olden. Vegbygginga rundt inste del av Nordfjord godt i gong, men strekninga Olden og Innvik skulle bli den siste.

William Singer var ein rik og gåvmild mann. Og truleg ønskte han seg vegsamband rundt fjorden, for han forskotterte 700.000 kroner til vegbygginga. I 2017-kroner er det nær 17 millionar kroner, om ein reknar ut frå kroneverdien i 1924.

Kong Håkon 7. opnar vegen mellom Innvik og Olden

HØGTID: Ein sommardag i 1936 var 12 år med vegarbeid over, og Kong Haakon 7. opna vegen mellom Olden og Innvik.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Heilt fram til 1936 måtte folk, fe og bilar bli frakta med ferje mellom Innvik og Faleide, men det tok slutt 23. juni 1936, då sjølvaste Kong Haakon klipte snora framfor store folkemengder.

Smal og til tider farleg

Det skulle gå 72 år frå snorklippinga i 1936, til vegstrekninga vann den lite flatterande kåringa «Norges verste veg» i 2008. Det tok ikkje lang tid før skiltet kom på plass, og krava om utbetring av vegen var sterke.

Olden-Innvik - kåra til Norges verste veg

ÅTVARING: På veg ut av Olden sentrum har du i mange år blitt åtvara om kva som ventar deg dei neste kilometerane, mot Innvik.

Foto: Silje Guddal / NRK

Innbyggjarar, transportnæringa, kommunen, næringsliv og fastbuande som Tanja Hage, kjempa i årevis for tryggare veg. Med bustad i Utvik og jobb i Olden køyrer Hage strekninga kvar dag, og sender ungar med skulebussen.

– Det var veldig frustrerande, vegen vart kåra til Norge sin verste veg, då sei det seg sjølv at ei utbetring av vegen burde stå veldig, veldig høgt på prioriteringslista, minnes Hage.

Steinras mellom Olden og Innvik

SLUTT PÅ STEINRAS: Tre nye tunnelar gjer at steinras som dette, frå 2011, ikkje lenger kan truge bilistar mellom Olden og Innvik.

Foto: Magne Gunnar Holen

Og lenge såg det mørkt ut, seinast i november 2009 gav fylkesrådmannen beskjed om at det ikkje fanst pengar til strekninga før i 2019. Rasfare og trafikkorkar har prega kvardagen til dei som har køyrd vegen jamleg.

– På ettermiddagane i fellesferien kunne eg på det verste bruke tre til fire timar på å kome meg heim, på ei strekning som vanlegvis tek 20 minutt, seier Tanja Hage.

Fastbuande var redd liv skulle gå tapt når bilar, campingvogner, turistbussar og tungtransport skapte eit salig, timelangt kaos på vegen.

– Eg tenkte meir og meir på det siste åra, at det er no rart det må ei ulykke til før dei tek til fornuft og utbetrar vegen, det skal ikkje vere slik i våre dagar.

Stein i ruta fv 60 innvik olden

SKREMMANDE:–Ein spydforma stein, meint for å drepe, sa Kjell Lyngstad etter ein ti kilos stein dundra gjennom frontruta hans på fv. 60 Olden-Innvik i 2015.

Foto: Kjell Lyngstad/Jogeir M. Agjeld

Ein sommar utan kork

Etter mange år med kamp om vegkronene vart strekninga Agjeld–Ugla utbetra i 2010. Men det har ikkje mangla på fartsdumpar i arbeidet. For å spare pengar vart det føreslått å bygge smal veg med møteplassar, trongare tunnel og å kutte ut gang- og sykkelveg. Det meinte stryneordføraren var å gå «ræva» inn i framtida.

For utbetringane har skjedd etappevis gjennom dei siste 9 åra, og det har kosta 636 millionar kroner (i løpande kr.). Siste etappe vert sluttført torsdag. No treng ikkje Hage lenger kvi seg til sommaren og timar i kø.

– Det blir ein fin sommar, no er det berre å setje på trafikken så kan vi ta i mot kva som helst.