Her måler Frp breidda på flaskehals: 40 cm smalare enn milliard-sykkelveg

Delar av den sterkt trafikkerte riksveg 13 i Hardanger er smalare enn Noregs dyraste sykkelveg i Stavanger. – Me må få orden på kvardagsvegane før me tek oss råd til luksus, meiner stortingsrepresentant frå Frp. Partiet sat sjølv med samferdsleministeren frå 2013 til januar 2020.

Helge Andre Njåstad og Silje Hjemdal (Frp) - Riksveg 13 i Hardanger

MÅLEBAND: Stortingsrepresentantane Helge André Njåstad og Silje Hjemdal, begge frå Frp, var torsdag på synfaring langs riksveg 13 i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Her er me på 3.60. Det er jo heilt utruleg.

Med måleband i handa var stortingsrepresentant Helge André Njåstad frå Frp denne veka på synfaring med dei lokale for å sjå nærmare på den mykje omtalte riksveg 13 i Hardanger.

I mange år har det vore enorme køar langs den mykje brukte vegen. Verst er det på den vel 12 kilometer lange strekninga mellom Bjotveit og Kinsarvik.

I sommar skreiv NRK om trafikkaoset som oppstod då norske turistar strøymde til den smale vegen i Hardanger.

Også politiet måtte fleire gonger rykke ut for å dirigera trafikken, mellom anna då ein bubil køyrde seg fast og skapte endelause køar.

Trafikk på riksvei 13

KØ: Slik såg det ut på ein av dei mest travle sommardagane då turistane flokka til Hardanger og riksveg 13.

Foto: Manuela Bjotveit

Smalare enn sykkelvegen

Njåstad meiner vegen er eit resultat av dårlege prioriteringar. Han viser til Stavanger og Sandnes, som er i ferd med å få den flottaste sykkelvegen i landet.

Ekspressvegen til 1,4 milliardar kroner skal bli 13 kilometer lang og fire meter brei.

Til samanlikning er riksveg 13 berre målt til 3,60 meter i breidda på visse strekningar.

– Me må få orden på kvardagsvegane før me tek oss råd til luksus som sykkelvegar, seier Njåstad.

Kø riksvei 13

TRONGT: Riksveg 13 har i mange år vore ein flaskehals, ikkje minst når turistbussane skal passera.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kritiserer eiga regjering

Då Frp sat i regjering hadde dei samferdsleministeren frå 2013 til januar 2020.

No kritiserer Njåstad det hans eiga regjering har vore med på å vedta.

– Dette er ein del av bymiljøavtalane som lokalpolitikarane i Rogaland har prioritert. Me ville brukt endå meir på veg, men me måtte bruka ein del på kollektiv for å tilfredsstilla Venstre og KrF, seier Njåstad.

Frp-politikaren seier partiet no vil utnytta at dei ikkje lenger er ein del av regjeringa.

– Me vil kjempa for å bruka mest mogleg pengar på veg og få fleire prosjekt inn i NTP, seier Njåstad.

Sykkelstamvei

DYRT: Den nye sykkelvegen i Stavanger er fire meter i breidda og har ein prislapp på 1,4 milliardar kroner.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Dyrt å bygga i by

Den nye sykkelvegen i Stavanger har kosta heile 100.000 kroner per meter å bygga. Dei første 3,8 kilometerane vart opna tidlegare denne månaden.

Mens prisen opphavleg låg på ca. 200 millionar kroner i 2008, har prosjektet vakse i både pris og omfang.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) forklarer den stive prislappen med at det er meir krevjande å bygga sykkelvegar i byområde.

Han meiner det blir feil å sette sykkelvegen opp mot riksveg 13 i Hardanger.

– Eg tykkjer ikkje vi skal samanlikna på den måten. Dette viser berre at det er mange gode prosjekt vi bør prioritera, seier Hareide.