– Vi trur jo dei er veldig aktive, for vi synest dei hoppar og sprett heile tida, men er dei eigentleg så aktive som vi trur? Det blir interessant å finne ut, seier fagleiar ved Davik oppvekst, Henny Frøystad Almenning.
Høgskulen i Sogn og Fjordane er i gang med forskingsprosjektet PresPas som skal måle den fysiske aktiviteten til barnehageungar.
I fjorten dagar har både dei tilsette og ungane i barnehagen hatt på seg ein avansert skritteljar som måler både kor mykje dei har vore i aktivitet i løpet av dagen og intensiteten.
Ny informasjon
– Vi veit veldig lite om aktivitetsnivået til denne aldersgruppa og vi veit også veldig lite om kva faktorar som påverkar kor mykje dei bevegar seg, seier doktorgradsstipendiat Ada Kristine Ofrim Nilsen.
Dette skal ein derfor prøve å finne svar på ved å kartlegge 2000 barnehagebarn i alderen 3-5 år i 70 barnehagar i heile fylket.
– Vi ønsker å få informasjon om korleis barnehagane kan legge til rette for å fremje fysisk aktivitet for alle, og då må me først vite kva faktorar som speler inn, seier ho.
Vurderer uteområde
I tillegg til å undersøke aktivitetsnivået til barnehagebarn i Sogn og Fjordane, skal forskarane også undersøke utviklinga i bevegelsane til barna. Uteområda ved barnehagane blir også vurdert for å finne ut kva som påverkar kor mykje barna er i aktivitet.
– Vi har jo eit veldig bra leikeområde som vi brukar mykje, så vi håper at dei finn ut at vi er veldig aktive, seier Almenning.
Datainnsamlinga held fram til juni neste år, og hausten 2016 skal forskarane begynne å sjå på resultata.