Hopp til innhold

Her må veljarane ta stilling til meir enn kva parti dei skal stemme på

På fleire stader i landet skal dei stemme over andre saker samtidig som det er stortingsval. I fjor var det èi lokal folkerøysting. I år er talet åtte.

Måløy

FLEIRE SPØRSMÅL: Måndag må veljarane i Måløy også ta stilling til kva som skal vere hovudmålform ved barneskulen.

Foto: Kinn kommune

– Eg ser helst at skulen blir rein bokmålsskule. Det er vanskelegare for ungane å skjønne nynorsk enn bokmål, seier Hilde Svedhaug, som er forelder ved Skram skule.

Måndag skal ho stemme ved Stortingsvalet, men ho må også ta stilling til eit anna spørsmål: Kva som skal vere hovudmålform ved barneskulen i Måløy.

– Det blir opp til kommunestyret å avgjere korleis dei vil vektlegge røystinga, seier Ola Teigen (Ap), som er ordførar i kommunen.

I alt er det åtte lokale folkerøystingar i Noreg i år, om stort og smått.

I Aure og Smøla på Nordmøre skal innbyggjarane stemme over om dei vil høyre til Møre og Romsdal fylke eller til Trøndelag.

I Kvitsøy kommune handlar folkerøystinga om buplikt.

I Hemsedal spør dei om det same som i Måløy – om kva som skal vere målforma ved skulen.

– Ein viktig sikkerheitsventil i demokratiet

Norsk lov seier det må vere ein rådgjevande folkerøysting dersom det blir vurdert å skifte målform ved ein skule.

I alt har det vore heldt 970 lokale folkerøystingar om ulike tema i tidsrommet 1970 til 2020. Talet frå år til år varierer stort.

I fjor vart det gjennomført rekordmange lokale folkeavstemmingar i forbindelse med regionreforma. 204 i alt.

– Nokre ser røystingane som ein viktig sikkerheitsventil i demokratiet, seier Yngve Flo, professor i historie ved Universitetet i Bergen.

Andre meiner at det å redusere store sakskompleks til to eller fleire svaralternativ fjernar moglegheita til å diskutere seg fram til løysingar som fleire kan vere samde i.

– Andre ser dei litt som ei plage fordi dei meiner det tek enkeltsaker ut av den store samanhengen, seier Flo.

Kinn-ordførar Ola Teigen

FLEIRE FAKTORAR SPELER INN: Den rådgjevande folkerøystinga speler inn, men kommunestyret har den endelege avgjerda, seier Kinn-ordførar Ola Teigen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Folkerøysting hindra innføring av kvinneleg stemmerett

Det har og vore innvendt at folkeavstemmingar fører til vedtak som ingen tek ansvar for.

I eit representativt demokrati vil det vere ein kjent sak kven som står ansvarleg for politiske vedtak. Ved folkeavstemmingar vil dei som går til urnene berre står til ansvar overfor seg sjølv.

Vidare vert det hevda at direkteval fører til forseinkingar og at det står i vegen for upopulære, naudsynte vedtak.

I boka Politisk avstand ved norske folkeavstemmingar viser Sten Sparre Nilson til «reform-sinken» Sveits, der «folkerøysting-regimet» hindra innføring av kvinneleg stemmerett fram til 1971.

I Sveits må ein lovendring ha fleirtal både i folket og i kantonane for å bli vedtatt.

I Noreg har Senterpartiet og Framstegspartiet ivra mest for lokale røystingar, fortel Flo.

– Røystingane er rådgjevande. I kva grad blir dei lytta til?

– Det ligg ofte eit sterk press på politikarane til å følge fleirtalet. Når det gjeld ei sak om målform, skal det kanskje ekstra mykje til at politikarane set seg på bakbeina og seier nei, seier Flo.

LES OGSÅ: Sveits innfører nikabforbud

En kampanjeplakat for det sveitsiske Nikabforbudet

DIREKTEDEMOKRATI: Sten Sparre Nilson skriv om «reform-sinken» Sveits, der «folkerøysting-regimet» hindra innføring av kvinneleg stemmerett fram til 1971.

Foto: Fabrice Coffrini / AFP

Håpar foreldre engasjerer seg

Attende i Måløy håpar Randi Kristin Strand Kandal at innbyggarane i skulekrinsen bruker stemmeretten, og går inn for bokmål.

– Eg håpar foreldra engasjerer seg og vel det dei ønsker, seier ho.

Skram skole i Måløy

SKOLE ELLER SKULE? Skram skole i Måløy har tradisjonelt vore ein bokmålsskule, men no skal krinsen stemme over om det skal halde fram slik.

Foto: BJARNE ELDEVIK