Hopp til innhold

Her må utlånsbøkene ligga to veker i karantene

Medan mange bibliotek er stengde under koronakrisa, blir innleverte bøker i Kvam vaska og sette i to vekers karantene før dei kan lånast ut på nytt.

Biblioteksjef i Kvam, Ragna Helene Soldal

GRUNDIG VASK: Men gummihanskar mot koronasmitte vaskar biblioteksjefen bøker som nyleg er innleverte. Så må bøkene ligga i to veker før nye kundar kan få glede av dei.

Foto: Biblioteket i Kvam

Mange bibliotek er stengde, og dei som har lånt bøker får ha dei heime inntil vidare.

Men i Norheimsund i Kvam herad har dei fått lov å levera ut og ta inn igjen bøker, på heilt bestemte vilkår. Dei har funne eit system som sikrar mot koronasmitte.

– Dei som vil låna bøker sender oss ein e-post. Vi finn fram bøkene og pakkar dei i ein pose. Så legg vi dei utanfor biblioteket, der dei kan hentast innanfor eit tidsrom, forklarer biblioteksjef Ragna Helene Soldal.

Biblioteksjef i Kvam, Ragna Helene Soldal

UTLEVERING: Det er mange posar med bøker som blir lagde utanfor biblioteket kvar dag. – Tilbodet har vore meir populært enn vi trudde det skulle bli, seier biblioteksjefen.

Foto: Biblioteket i Kvam

To veker i karantene

Men så var det innleveringa: Det skjer ved at dei som vil levera tilbake bøker puttar dei i ei luke i veggen. Dei tilsette på biblioteket tar på seg gummihanskar og hentar bøkene.

– Bøkene går rett til vask. Så blir dei merkte med dato for innlevering, og sette i to vekers karantene, seier biblioteksjefen.

– Korleis vaskar du ei bok?

– Vi byrja med desinfisering og sånn, men det var litt tungvint. No brukar vi vatn og såpe, men det er berre permane som blir vaska, ikkje alle sidene, presiserer ho.

Bøker i karantene

POPULÆRE: Det blir lang ventetid på dei mest populære bøkene, når alle innleverte bøker må i to vekers karantene.

Foto: Biblioteket i Kvam

Populære bøker

Systemet med karantene fører dessverre til at dei mest populære bøkene får lang ventetid.

– Ja, det er akkurat sånn det er. Det er jo dei nye og populære flest vil bestilla. Men det vi seier er at dei må berre stå på venteliste, og så prøver vi å finna andre skjulte skattar som vi legg i posane. Så det er ein gyllen sjanse til å finna litteratur som kanskje ikkje sel seg sjølv, seier ho.

Dei aller mest populære for tida er Randi Fuglehaug med Fallesjuke , og elles bøker av forfattarar som Lucinda Riley, Reiulf Steen, Edvard Hoem og Jon Fosse.

Mange held stengt

Mange av dei store biblioteka her i landet held stengt inntil vidare, for å avgrensa koronasmitten.

Deichmanske opplyser at auka smittefare og høgare beredskapsnivå fører til at alle folkebiblioteka i Oslo er stengde. Den døgnopne innleveringsautomaten i Deichman Bjørvika er også stengd.

Det same gjeld Bergen offentlege bibliotek.

– For å avgrensa koronasmitten er alle biblioteka våre stengde på ubestemt tid, skriv dei på nettsidene sine.

Interesseorganisasjonen Norsk Bibliotekforening opplyser til NRK at det er blitt ganske vanleg at bibliotek driv med avgrensa utlån, slik som dei gjer i Kvam.

– Eg har høyrt at enkelte bibliotek vil bli forsiktig opna etter påske. Det er verre om større bybibliotek med mange besøkjande opnar for tidleg, seier leiar i Norsk Bibliotekforening Mariann Schjeide.