Hopp til innhold

Her må politiet stogge ein rusa båtførar – igjen

Rusa båtførarar gjer at politiet har hatt ei travel natt til sjøs.

Båtførar stogga av politiet

FLEIRE PROMILLEEPISODAR: I helga har det vore fleire episodar med promillekøyring i båt der politiet har måtta rykke ut.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

I Nordfjord måtte to personar få hjelp frå redningsskøyta og naudetatane etter at båten deira hamna i fjøresteinane.

– Dei to personane i båten verka rusa, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Føraren av båten blei teken med til blodprøvetaking og er mistenkt for å ha ført båt i ruspåverka tilstand.

– Den eine personen fekk eit kutt i foten, elles verkar dei uskadde, opplyser Knappen.

Redningsskøyta måtte ut

Redningsskøyte og politi måtte også rykke ut til ein båt i Hjeltefjorden nordvest for Bergen, der føraren verka rusa. Det var tre passasjerar i båten.

– Føraren måtte ta ei utandingsprøve og er meld for å ha ført båt i alkoholpåverka tilstand, fortel operasjonsleiaren.

Ein annan båtførar blei stogga med promille i Hardangerfjorden seint i går kveld. Føraren blei teken med for å ta blodprøve, og blir politimeld.

– Politibåten stogga båten etter mistanke om at føraren var ruspåverka. Føraren måtte blåse i alkometeret, og politiet fekk bekrefta mistanken, seier Knappen.

Føraren, ein mann i slutten av 30 åra, blir meld.

Beslagla båtførarbevis

Også andre stader i landet har politiet måtte stogga rusa båtførarar. Ein mann i Tvedestrand blei stogga litt over kl. 23 i går kveld, og meld for å ført båt ruspåverka. Mannen fekk båtførarbeviset beslaglagt.

Laster Twitter-innhold

Litt tidlegare på kvelden rykte politibåten ut etter melding om ein rusa båtførar ved Holmsbu i Asker.

Laster Twitter-innhold

Politibåten verkar preventivt

Operasjonsleiaren i Vest politidistrikt har ikkje tal på om det har vore oppgang i talet episodar med promillekøyring, men viser til at fleire no kjøper båt og at ikkje alle har like mykje erfaring.

– På grunn av koronasituasjonen meiner vi å sjå at langt fleire ferdast på sjøen, og at det gjerne er båtførarar som ikkje er så sjøvande folk, seier Knappen.

– Det set også krav til at politiet må vere meir til stades, legg ho til.

For nokre år sidan fekk politiet ny politibåt. Båten fekk mykje medieomtale og patruljerte hyppig til sjøs, noko som hadde god førebyggjande effekt.

Knappen seier politiet framleis prøver å vere til stades på sjøen, og særleg ved festivalar og arrangement.

– Vi er i ein pressa økonomisk situasjon og sjøtenesta blir vekta opp mot andre viktige satsingar i distriktet. Men vi strekker oss for å vere til stades døgnet rundt. Vi ser at det førebygge ulukker, promillekøyring og reddar liv.