Dei siste dagane har det vore kø for å sikre seg billigast mogleg drivstoff.
I Førde i Sunnfjord, som fleire andre stader, har det blitt sett opp ein ny tank med drivstoffprisar langt lågare enn det dei store oljeselskapa gjev.
Laurdag var det nesten fem kroner forskjell på drivstoffet i Førde sentrum og den nye tanken til «Oljeleverandøren» litt utanfor sentrumskjernen.
– Det er litt overraskande at det er meir diesel igjen her. Eg var redd det var tomt, seier Jan Erik Bruland.
BILLIGARE: Jan Erik Bruland frå Førde er godt nøgd med at det meir konkurranse på drivstoffprisane.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRKHan er ein av fleire som har fått med seg dei låge drivstoffprisane til «Oljeleverandøren».
– Det er veldig bra. Eg håpar det kan vere med å presse ned prisane på dei andre stasjonane, seier Bruland som nytta høve til å fylle opp tanken på bubilen.
Ifølgje Drivstoffappen, der ein kan sjekke drivstoffprisar over heile landet, var bensinprisen hos Oljeleverandøren nest lågast i Noreg måndag formiddag.
Firda omtalte saka først.
Tømt ein tank i helga
Oljeleverandøren har 24 stasjonar fordelt rundt om i Noreg. Det Bergen-baserte selskapet har med låge driftskostnadar lukkast å tilby rimeleg drivstoff.
– Den siste veka har vi merka ein stor pågang og det er sikkert jungeltelegrafen som har byrja å gå, for vi har veldig gode prisar. Vi har nesten tømt ein heilt tank berre i helga som var.
BILLIG: Ifølgje Drivstoffappen, der ein kan sjekke drivstoffprisar over heile landet, var bensinprisen hos Oljeleverandøren nest billigast i Noreg måndag formiddag.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRKDet seier eigar og styreformann i Oljeleverandøren, Jan Eirik Kolstad.
– På grunn av krigen er det veldig varierande prisar, men då vi kjøpte drivstoffet hadde vi ein veldig god avtale. På den leveransen vi har hatt på tanken har vi halde same pris heile vegen. Det er varemerket vårt. Låg og fast pris heile vegen, seier Kolstad.
Tøff konkurranse
Sjefanalytiker i Rystad Energi, Per Magnus Nysveen, trur Oljeleverandøren og andre små aktørar får det tøft i kampen om låge drivstoffprisar.
REKORD: Den siste tida har det vore rekordhøge drivstoffprisar på bensinstasjonane. Her frå Shell-stasjonen i Kristiansund 9. mars 2022.
Foto: Tore Lyngvær / NRK– Det er eit vanskeleg marknad å konkurrere i, fordi dei er utsett for dei same internasjonale bensinprisane, seier Nysveen.
– Men om ein får rimelegare pumpestasjonar og redusere investeringsbehova, så kan ein klare seg, men eg trur det blir tøft for slike små aktørar.
Om dei små stasjonane blir vellukka, tvingar dei storaktørane til å sette ned prisen.
– Då må dei store kutte gevinsten på distribusjonsleddet, men med ein bensinpris på 25 kroner er det knapt 3–4 kroner ein kan konkurrere om, seier Nysveen.
– Heilt galskap
Tilbake ved den nye stasjonen i Førde har Edgar Endestad fylt opp tanken. Han pendlar frå Eikefjord til Førde kvar dag. Ei strekke som tar om lag ein halvtime.
Han reagerer på dei høge drivstoffprisane.
– Eg har tre bilar som er i drift heile tida og det kostar skjorta. Vi er heilt avhengig av bil, så det er heilt galskap at prisane er så høge som dei er, seier Endestad.
Forbrukarrådet er glad for auka konkurranse, og set spørsmålsteikn ved priskrigen mellom dei store oljeselskapa.
– Dei overvaker kvarandre og når ein set ned prisen, set den andre ned prisen med ein gong. Det er konkurranse i det, men det spørst kor stor konkurransen er, seier Olav Kasland, fagdirektør i Forbrukarrådet.
POPULÆR: Kundar har nesten tømt ein heil tank med drivstoff berre i helga.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK