Hopp til innhold

Her har stavkyrkjedelane lege i sju år - manglar eigna oppbevaring

Snikkar Erlend Gjelsvik tok ned vindskiene på Hopperstad stavkyrkje for å restaurere dei for sju år sidan. Sidan har dei lege i verkstaden hans. Ingen har gitt beskjed om kvar han skal gjere av dei.

På hylla

HAR LAGRA: Erlend Gjelsvik har liggjande to vindskier frå Hopperstad stavkyrkje i verkstaden sin. Men han skulle gjerne sett dei var på ein meir eigna stad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg har i årevis etterlyst ein stad der ein kan gjere av dei gamle stavkyrkjedelane, men til no har eg ikkje høyrt noko, seier Gjelsvik.

Han jobbar i Nedre Jølster Bilelag, ein gjeng med handverkarar som er spesialistar på å restaurere eldre hus og bygningar, som til dømes stavkyrkjer.

Handverkarane har restaurert mange av stavkyrkjene i Sogn og Fjordane, mellom anna Hopperstad stavkyrkje i Vik.

Laga kopiar - originalane vart liggjande

Stavkyrkja frå 1130-talet hadde stor trong for restaurering då snikkarane sette i gang. Mellom anna var nokre av vindskiene med drakehovud pill rotne. Løysinga var å ta dei ned for å lage eksakte kopiar.

– Eg tok dei med til Jølster der eg laga kopiar. Men då kopiane var laga, var det ingen som nemnde noko om originalane lenger, seier Gjelsvik.

Gjelsvik brukte varme for å fjerne lag etter lag med størkna tjære for å få fram dei vakre utskjeringane slik at han kunne få laga ein skikkeleg kopi.

Drakehovuda er rett nok ikkje originalar frå 1100-talet, men det drakehovudet som arkitekt Peter Andreas Blix laga då han redda stavkyrkja i Vik frå å verte riven på rot.

Blix gjorde eit mødesam arbeid for å få kyrkja tilbake i så original stand som råd.

Men sjølv om drakehovuda ikkje er frå då kyrkja opphavleg vart bygd, meiner Gjelsvik at dei likevel fortener ei betre skjebne enn det dei får i dag.

– Det seier noko om den jobben som vart gjort den gongen for snart 135 år sidan. Ein eller annan har laga dette mønsteret, og ein eller annan har skore det ut. Det er viktig å ta vare på for ettertida, iallfall er det mi meining, seier Gjelsvik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Stavkyrkjedelar frå Hopperstad Stavkyrkje ligg framleis lagra i verkstaden hans.

KOR SKAL DEI: Handverkar Erlend Gjelsvik stiller spørsmål til korleis ein handsamar stavkyrkjedelar. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Har ei unik historie

Han peikar på at historia til kyrkja i Hopperstad er ganske unik. Kyrkja var meir eller mindre til nedfalls rundt 1880, og det var reint tilfeldig at Blix fann ut av det.

Blix var på den tida engasjert til å restaurere Håkonshallen i Bergen, og til det trengde han mykje kleberstein. For å få nok, sette han inn annonse i avisene. Då han vart kontakta av folk i Vik med tilbod om å få kjøpe ferdighoggen kleberstein, vart han sterkt uroa.

Han frykta nemleg at steinen kunne komme frå ei mellomalderkyrkje, og det hadde han heilt rett i. Vikjene var i full gang med å rive Hove steinkyrkje frå 1180-talet, og også Hopperstad stavkyrkje hadde fått hard medfart, og likna ikkje mykje på seg sjølv.

Blix fekk stoppa riving av kyrkjene det og kjøpte seinare begge kyrkjene for eigne pengar, og restaurerte dei tilbake til det han meinte var den opphavlege utsjånaden.

Toler ingenting

Gjelsvik syner fram det som ein gong var ei pryd for auge over ein av inngangane til Hopperstad-kyrkja. Den grove planken er einskilde stadar så roten at ein kan bryte av bit etter bit.

– Det er pill rote, og det er fort gjort å øydeleggje heile greia. Det toler ingen verdas ting, og må handsamast som eit rote egg til det kjem til ein stad der det får stå i fred. Slikt skulle stått ein plass der folk kunne sjå, men ikkje røre, seier Gjelsvik.

Han har plassert stavkyrkjedelane høgt oppe på nokre hyller på veggen. Men sjølv om han har stor omsut for dei gamle delane, skulle han gjerne sett at dei hamna ein annan stad. Snikkaren har nemleg meir enn bruk for plassen til andre ting.

– Dei ligg berre i vegen, i tillegg til at dei er i fare for å bli øydelagde når eg må flytte på dei for å komme til andre ting som ligg under, seier Gjelsvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roten

TOLER LITE: Delane er pill rotne, og toler dårleg å bli flytta på.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Jobbar med saka

Seniorrådgjevar og prosjektleiar for stavkyrkjeprogrammet hjå Riksantikvaren, Sjur Mehlum, kjenner til problemstillinga.

– Eg vil først seie det er fint at Gjelsvik kan ta vare på dette til ein har klart å etablere eit system for å få forsvarleg lagring av stavkyrkjedelar, seier Mehlum.

Men han har forståing for at nesten sju år er lang tid.

– Nøyaktig kor lang tid det vil ta, kan eg ikkje svare på. Men vi jobbar for å få på plass ein stad der desse tinga kan lagrast, seier Mehlum.

Det har vore jobba i lengre tid med problematikken, utan at ein har konkludert med kva form ei slik lagring skal ha.

– Om ein skal ha eit sentralt lager, eller fleire små i regionar med stavkyrkjer, har vi ikkje bestemt, seier Mehlum.

Under arbeidet med stavkyrkjeprogrammet, som har som målsetjing at alle landets 28 stavkyrkjer skal restaurerast til eit tilfredsstillande nivå innan 2015, har problemstillinga vorte ytterlegare aktualisert.

– Det ligg fleire slike delar rundt omkring. Mange av dei ligg i dei einskilde stavkyrkjene som er blitt restaurerte, seier Mehlum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erlend Gjelsvik

VERDFULLT: - Desse delane er med og seier mykje om historia til stavkyrkja i Vik, og dei fortener betre enn dette, seier Erlend Gjelsvik.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har ikkje funne rett løysing

Han understrekar at det er viktig å ta vare på også denne type ting.

– Når vi får på plass ein plass der tinga kan vere, vil det bli gjort ei vurdering av kvar einskild del. Då vil vi finne om det er arkivverdig eller ikkje, seier Mehlum.

Han håpar på ei snarleg løysing.

– Vi håpar å få løyst dette ganske snart. Men det er Fortidsminneforeninga som eig delane reint formelt, så dette må skje i nær dialog med eigaren av den einskilde stavkyrkje, seier Mehlum.

Dagleg leiar ved Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane, Jon E. Tamnes, stadfestar at dette er noko ein er oppteken av.

– Vi har jobba med forskjellige løysingar, men vi har førebels ikkje funne ut av det. Det må vere eit eigna lokale og ei grei lokalisering, men vi jobbar med det, seier Tamnes.

– Men Gjelsvik har allereie hatt delane liggjande i sju år. Kva om han ønskjer å bli kvitt dei?

– Viss han ikkje har plass til dei, får han ta kontakt med oss. Vi kastar ikkje gamle stavkyrkjedelar, seier Tamnes.