Tre år har gått sidan Jens Stoltenberg opna Jondalstunnelen på fylkesveg 107 mellom Mauranger og Jondal i Hardanger.
Den 10,4 kilometer lange tunnelen har gjort reisa mellom Odda og Bergen 40 minutt kortare, noko som også har kome trafikantar over E134 Haukeli til god nytte.
Det har synt seg å vera populært, for no ligg nedbetalinga av tunnelen an til å bli fullført allereie ti år etter opninga. Det er fem år før planlagd tid.
– Det er eitt godt veldig godt prosjekt og det er kanskje eit betre prosjekt enn mange trudde på førehand. Eg trur befolkninga har oppdaga kor god moglegheit denne tunnelen har gitt, seier styreleiar Svein Halleraker i Jondalstunnelen AS.
Det meste lukkast
Jondalstunnelen er samferdsleprosjektet der det meste har lukkast.
Prisen vart lågare enn planlagt, bygginga tok kortare tid enn venta og talet på reisande har altså vore høgare enn ein hadde trudd på førehand.
– Det betyr at vi ser for oss ein kortare nedbetalingstid enn det som ligg inne i stortingsproposisjonen, nemleg 15 år. No styrer vi etter 10 års nedbetalingstid, seier Halleraker.
I sterk kontrast til Hardangerbrua
Men for det største prestisjeprosjektet lenger inn i Hardangerfjorden er det annleis. Over den 1380 meter lange Hardangerbrua på riksveg 13 har ikkje trafikken vore slik som venta.
– Det er klart at vi har hatt ein treig start og det vart også ein tung start på årets sommar på grunn av det dårlege vêret på Hardangervidda, seier Einar Lutro i Hardangerbrua AS til NRK.
I motsetnad til Jondalstunnelen sprakk også bruprosjektet både tidsmessig og kostnadsmessig. Og sjølv om det har vore ei viss betring i trafikktala ligg ein langt bak prognosen om nesten 2000 bilar i døgnet.
I tillegg har trafikktala "fått hjelp" av at Gudvangatunnelen på E16 har vore stengt to gonger dei siste åra på grunn av brann.
Kan ta 20 år
Einar Lutro vedgår at det vil ta meir enn 15 år å betala ned brua – og ser ikkje bort frå at det kan gå opp mot 20 år.
– Når me har hatt problem med å komma opp i prognosen, så går ikkje detta opp med femten år. Eg trur vi endar på ein plass mellom 15 og 20 års nedbetalingstid.
– Var ein litt for frisk i prognosane for trafikken over Hardangerbrua på førehand?
– Det er det mange som har spurt om og det har også me spurt om. Me brukte all verdas ekspertise den gongen for å sjå på trafikkprognosen. Den vart også ekstra kvalitetssikra.
– Eg sa den gongen at trafikkauken ikkje ville skje over natta og at ein måtte rekna med noko innkøyringstid. Den har nok vore lenger enn ein håpa på, svarar Lutro.
For Halleraker i Jondalstunnelen AS er spenninga no knytt til kva som skjer når eit tredje prosjekt i regionen – Folgefonntunnelen – er nedbetalt til neste år.
Til info: Jondalstunnelen opna 7. september 2012.