Hopp til innhold

Her leikar Ella (8) på fotballbana medan bygda står under vatn

Mange hus er råka og folk ventar i spenning på følgjene av flaumen på Veitastrond i Sogn.

Fotballbana på Veitastrond

UVANT: Vanlegvis pleier Ella Nes (8) å leike med ball når ho er på fotballbana til Veitastrond. Slik vart det ikkje denne helga.

Foto: Randi Høgi Nes

– No har det komme vatn inn i kjellaren og i gangen. Me har ikkje byrja å fjerne det endå, for me kan ikkje gjere noko, fortel bebuar i Veitastrond, Johanne Nes (71).

Fredag varsla Sognekraft om stigande vasstand og flaumfare ved Veitastrondvatnet og i løpet av helga har situasjonen forverra seg.

No ligg store delar av bygda under vatn.

Hus som nesten er oversvømt.

I GRENSELAND: Nesten heile bygda er råka og fleire hus er heilt i grenseland for at flaumen trenger inn gjennom dørene.

Foto: Bjørn Skovly

– Skummelt

For mor til Ella, Randi Høgi Nes, har det vore ein spesiell helg ved hytta på Veitastrond. Familien på fem, som har både slekt og vener i bygda, har vore vitne til eit Veitastrond som er snudd på hovudet.

– Det var spesielt, særleg for ungane som kunne ha med badeleiker og leike som om det var ein ny badestrand på fotballbana. Men det er jo skummelt også, når ein ser at vatnet stig og stig.

Ho fortel at når dei la seg til å sove laurdag kveld var det turt i tunet, men då dei vakna søndag morgon var situasjonen heilt annleis. Regnet hadde komme over natta og med på kjøpet: store mengder vatn.

– Då me stod opp var tunet fullt opp og mange av husa hadde fått inn vatn i kjellaren. Vi har ikkje fått vatn inn i hytta enda, men det er like før, seier ho.

Må renovere for andre gong på to år

Vasstanden har lenge våre høg grunna høg snøsmelting, og med nedbørsmengdene som vart spådd i helga, bikka det til slutt over. Det same skjedde i 2018.

Den gongen måtte Konrad Molland totalrenovere huset etter overfløyming. No ser det ut til at det same er i ferd med å skje, igjen.

– No merka me akkurat at vatnet var kome inn under belegget. Det surklar under golvet. Og då er det klart at det er øydelagt.

– Vatnet stig framleis, så då ryk vel veggane og snart, seier han.

Konrad må renovrere huset igjen.

OPPGITT: Konrad Molland er skuffa over at han truleg må renovere huset for andre gong på to år. I natt skal han sove med redningsvesten på.

Foto: Bjørn Skovly

Han ser ikkje lyst på at han no truleg må renovere på nytt.

– Det kjenst veldig bittert. Me kan ikkje pusse opp annakvart år.

– Motlaust

Vasstanden har stige jamt også utover søndagskvelden, men regnet har sakte men sikkert roa seg. Ordførar Ivar Kvalen kryssar fingrane for at vasstanden ikkje stig meir no.

– Me må nok følgje situasjonen nøye i dagane og vekene framover. Mellom 10 og 15 hus står i fare.

Kvalen fryktar at det vil verte ein nervepirrande og tung sommar for mange av bebuarane i Veitastrond.

– Det er mange eigedommar som er råka av flaumen. Det er nok verst for dei som vart råka for to år sidan. I tillegg står mykje av landbruksarealet under vatn, så det kjenst nok lit motlaust ut for mange no, seier han.

Ordførar Ivar Kvalen må bruke kano for å komme seg fram på Veitastrond.

I KANO: Ordførar Ivar Kvalen må bruke kano for å komme seg fram på Veitastrond. Han er spent på kva som vil skje dei kommande dagane, dersom meir nedbør kjem.

Foto: Bjørn Skovly