Her legg dei betong medan staten vurderer om dei skal få lov

Vindkraftutbyggaren måtte nytte betong då dei ikkje fann fast fjell. Olje- og energidepartementet lar dei halde fram medan dei går gjennom klagene.

Her skulle dei bygge eit vindkraftanlegg på fast fjell. Det ingen hadde tenkt på var å undersøke grunnen på førehand.

UKLOKT: Ekspert i forvaltningsrett, Morten Walløe Tvedt, seier regjeringa «formelt sett» har sitt på det tørre, men likevel handlar uklokt. Motivet er frå steinuttaket langs tilkomstvegen.

Foto: Jon Frogner

26. mai vart saka om betongfundament på Stadlandet sendt over til Olje- og energidepartementet.

Spørsmålet er om Falck Renewables skal få lov til å lage hol i bakken og fylle dei med forskaling, armeringsjern og betong.

I planen skrev selskapet at dei skulle byggje vindturbinane på fast fjell. Men då dei byrja å grave, fann dei berre lausmassar.

Løysinga vart då å støype kunstige betongfundament, noko Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sa ja til.

Stopp ein hal, seier klagarane. Dei hevdar avviket frå planen er så radikalt at heile konsesjonen må handsamast på ny.

I alt har Olje- og energidepartementet fått 159 klager på bordet.

Arbeidet held fram som før

Og her kjem spørsmålet om utsetjande verknad inn. Skal utbyggaren få halde fram med å støype fundament innan departementet konkluderer?

Statssekretær Tony C. Tiller viser til den same vurderinga som NVE gjorde.

– Dei har ikkje funne grunnlag for utsatt iverksetting, seier han.

Alfred Bjørlo (V), ordførar i vertskommunen Stad, er blant dei som klager.

«Departementet må gje utsetjande verknad på NVE sitt vedtak», skriv han i eit brev til Olje- og energidepartementet (OED).

NRK har spurt korleis departementet steller seg til kravet frå ordføraren.

«Vi har mottatt anmodningen frå Bjørlo, den er foreløpig ikke svart på», seier Tiller.

I praksis vil det seie at arbeidet på Stadfjellet held fram akkurat som før.

Her skulle dei bygge eit vindkraftanlegg på fast fjell. Det ingen hadde tenkt på var å undersøke grunnen på førehand.

NEI: Olje- og energidepartementet vil ikkje trykke på pauseknappen medan dei ser på klagene om betongfundament på Stadlandet. Det seier statssekretær Tony C. Tiller til NRK.

Foto: Jon Frogner

– Bør utsette oppstarten for å halde på tilliten

Ekspert i forvaltningsrett, Morten Walløe Tvedt, seier regjeringa «formelt sett» har sitt på det tørre, men likevel handlar uklokt.

– Der det skjer ein uoppretteleg skade om tiltaket gjennomførast før klagen er behandla, bør forvaltninga utsette oppstarten for å behalde tilliten i folket, seier han.

Han legg til:

– Avgjerda om å la utbyggaren starte opp før klagen er ferdigbehandla indikerer at OED kjem til å konkludere som NVE. Det er ikkje første gangen OED tar raske vedtak til fordel for ein utbyggar.

Hans Petter Graver er professor ved Universitetet i Oslo og underviser i forvaltningsrett.

– Forvaltninga står forholdsvis fritt, men dei må vurdere ein oppmoding om utsettande verknad, og må grunngi kvifor dei ikkje gir det, seier han.

– Minkar verdien av å klage

I 2019 bad KS om at klager i vindkraftsaker må få utsettande verknad slik at utbygginga vert stansa medan klagen er under behandling. KS står for kommunesektorens organisasjon.

Klagen kom etter at arbeidet med Vardafjell kraftverk fortsette samstundes som klagen frå kommunen var under behandling.

– Når NVE tillèt at arbeidet med vindkraftanlegg held fram, minkar verdien av retten til å klage, skreiv styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen til departementet.

Det er eit forvaltningsrettsleg prinsipp at vedtak som hovudregel har omgåande rettsverknad.

Det er likevel eit unntak frå dette hovudprinsippet – paragraf 42 i Forvaltningslova. Denne opnar for at alle med «rettsleg klageinteresse» kan be om at vedtaket ikkje blir sett ut i livet før saka er endeleg avgjort.

Eksempel på ein slik klageinteresse er kommunen.

Torsdag er det formannskapsmøte i Stad kommune. Ordførar Bjørlo seier han vil forsøke å samle dei om ein «klar beskjed» til departementet.

– Mitt syn er at vi skal seie tydeleg til OED at vi krev utsett iverksetting, seier han.

Vindkraftutbyggaren byrja å lage betongfundament då dei ikkje fann fast fjell. Olje- og energidepartementet lar dei halde fram med arbeidet medan dei går gjennom klagene.

UTSETTANDE VERKNAD: I 2019 bad KS om at klager i vindkraftsaker må få utsettande verknad slik at utbygginga stoggast mens klagen er under behandling.

Foto: Jon Frogner

– Det er veldig rart

I mellomtida signaliserer olje- og energiminister Tina Bru at heller ikkje ho vil trykke på pauseknappen.

– Eg vil ta stilling til dei aktuelle sidene av saka i forbindelse med klagesaksbehandlinga, skriv ho i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Haltbrekken stussar over svaret.

– Det er veldig rart om dei ikkje gir denne klagebehandlinga utsettande verknad. Om avgjerda kjem etter at dei har starta fundamenteringa, er det jo for seint, seier han.

Val av fundamentløysing er i dag ikkje eit vilkår for om det skal givast konsesjon til vindkraft.

– Hadde vi stilt krav om grunnundersøkingar tidlegare, før turbinplasseringa var endeleg avklart, hadde det ført til unødige naturinngrep og det ønskjer vi å unngå, forklarer seksjonssjef i NVE, Øyvind Leirset.

Olje- og energiminister Tina Bru i Tellenes vindpark i Sokndal og Lund.

SVARER SEINARE: – Eg vil ta stilling til dei aktuelle sidene av saka i samband med klagesaksbehandlinga, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Foto: Øystein Otterdal / NRK