Hopp til innhold

Brukar klimagass til å laga «superprodukt»

Berre to fabrikkar i verda lagar karbon-nanofiber av CO2. Den eine ligg Bergen. – Betre enn å dytta det under bakken, seier fabrikksjefen.

Karbon-nanofiber frå Bergen Carbon Solutions

BRUKAR KLIMAGASS: Slik ser det ferdige produktet karbon-nanofiber ut.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Måndag la regjeringa fram det store karbonfangst-prosjektet Langskip. Kvart år skal 400.000 tonn CO2 fangast på sementfabrikken i Brevik. Deretter skal ein frakta flytande CO2 til Øygarden, der klimagassen blir pumpa ned under havbotnen i Nordsjøen.

Men direktøren for Bergen Carbon Solutions meiner det burde vore satsa meir på å bruka CO2 til noko fornuftig.

– Sjølvsagt treng vi CO2-fangst og lagring, fordi det er så mykje CO2. Men eg håpar inderleg at det kjem veldig mange selskap som oss, som lagar noko av CO2-en, seier administrerande direktør Jan B. Sagmo.

Han ser for seg ein heil industri av bedrifter som utnyttar problemet CO2 til noko samfunnsnyttig og lønsamt.

– Det er betre enn å dytta det under bakken, og bruka masse pengar på å passa på at det ikkje kjem opp igjen, seier direktøren.

Karbon-nanofiber frå Bergen Carbon Solutions

TYNNE FIBER: Karbon-nanofiber slik det ser ut gjennom eit elektronmikroskop.

Foto: Bergen Carbon Solutions

Solceller og batteri

Fabrikken han leiar på Garnes i Bergen skil ut karbonet frå CO2, eller karbondioksid. Då får dei karbon-nanofiber, som til dømes kan brukast i solceller og batteriteknologi.

Ifølgje Sagmo er dette den einaste fabrikken i Noreg, og berre ein av to i verda, som jobbar med denne teknologien.

Stoffet skal vera hundre gonger sterkare enn stål, lettera enn plast og leiar straum betre enn kopar.

Selskapet håpar dette kan vera noko mange kan leva av, når oljealderen ein gong er over.

– Dette kan vera byrjinga på eit stort eventyr. Målet er at vi skal laga den nye grøne industrien til Vestlandet, seier Sagmo.

Jan B. Sagmo i Bergen Carbon Solutions

INDUSTRIEVENTYR: Administrerande direktør Jan B. Sagmo meiner slike produkt som Bergen Carbon Solutions lagar kan vera starten på eit nytt industrieventyr.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Trur på CO2-arbeidsplassar

Sarah Gasda ved Norce i Bergen har forska på lagring av CO2. Ho trur fangst og lagring av gassen vil skapa mange arbeidsplassar framover.

– Rekkefølgen er viktig. Først får vi eit stort lager på plass, og så kan vi utvikla ulike produkt av CO2, seier Gasda.

Ho seier det er veldig spennande at ein no kan hausta fruktene av fleire tiår med forsking på CO2-lagring.

– Dette er første steget for det som kan bli ein stor industri, og heile verda følgjer spent med på det som skjer her i landet, seier forskaren.

Gass frå søppelbrenning

NRK har tidlegare skrive om at selskapet vil samarbeida med renovasjonsselskapet BIR. Planen er å bruka CO2 frå avfallsforbrenning til å laga karbon-nanofiber.

Folkehelseinstituttet uttalte den gongen at slike fiber liknar på asbest-fiber, og at det kunne vera helsefarleg. Selskapet avviste dette, og meiner produktet deira ikkje kan samanliknast med asbest.

Nanokarbon

AVFALLSFORBRENNING: Bergen Carbon Solutions har tidlegare lansert planar om å bruka CO2 frå brenning av restavfall til produksjonen av karbon-nanofiber.

Foto: Leif Rune Løland / NRK