Hopp til innhold

Her kryssar fritidsbåten få meter frå oljetankaren

Losen tok fram kamera for å vise kor nært enkelte båtførarar køyrer. Båten passerte rett framfor ein råoljetankar på 67 000 tonn.

Fritidsbåt foran oljetanker.

KRYSSA OLJETANKAR: Statslos Ola Moen reagerer på kor tett enkelte båtførara køyrer når dei kryssar oljetankaren.

– Det er så unødvendig.

Hendinga skjedde rett før helga, då statslos Ola Moen utførte eit oppdrag ved Øygarden.

Plutseleg dukka ein båt opp frå ingenting, før han passerte rett framfor den store råoljetankaren på over 250 meter.

– Når dei forsvinn under baugen så misser vi kontroll på dei. Du er berre avhengig av å vente og sjå at dei kjem ut på andre sida, seier han til NRK.

Med ein tonnasje på 67 000 bruttotonn er det lite statslosen kan gjere frå eller til. Det verste scenariet er dersom båten får motorstopp.

– Dersom noko skjer, kan vi ikkje setje i verk noko, for vi ser ikkje kor han er.

Etter nokre sekund dukka båten opp på andre sida av tankaren.

Fritidsbåt foran oljetanker

BORTE I FLEIRE SEKUND: For statslosen er det verst når båten forsvinn under brua. Då er han ute av syne i fleire sekund.

– Manglande kunnskap

I løpet av helga har Moen delt innlegget på Facebooksida til Fedje losstasjon, med teksten: «Småbåtsesongen er i gong. Fem bilete seier meir enn 1000 ord».

Mange har kommentert og delt innlegget. Saka vart først omtalt av BT.

Faksimile av FB-sida til Fedje Pilot

MYKJE DELT: Ola Moen har fått god respons på innlegget han la ut på Facebook i helga.

Foto: Fedje Pilot

Moen har opplevde fleire liknande situasjonar. Han trur ikkje båtførarar testar grensene med vilje, men trur det handlar om manglande kunnskap og forståing.

– Reglane er klare. Småbåtar skal styre unna for nyttefartøy. Du skal opptre slik at du ikkje gjer andre parten nervøs.

Større fart enn venta

Han trekk også fram at store skip ofte går raskare enn mange trur. Ein stor containerbåt kan gå mellom 16 og 20 knop.

– Eg trur fleire feilbedømmer farten. Dei ser på avstand, og trur dei kan gå framfor.

Ola Moen

STATSLOS: Ola Moen har vore statslos i 17 år og opplevd fleire hendingar han omtalar som risikable.

Foto: Privat

Mellom 2016 og 2020 har 128 personar mist livet i fritidsbåtulykker, viser tal frå Sjøfartsdirektoratet.

92 prosent av dei omkomne er menn.

Høg fart og ruspåverknad går igjen i mange av ulykkene med dødeleg utgang.

Losoldermann Kjell Asle Djupevåg for Vestland, som ligg under Kystverket, meiner ein del båtførar framleis har ein god del å lære. Han er sjef for fleire statslosar og stadfestar at farlege situasjonar som dette jamleg blir diskutert.

– Ein god hugseregel for båtfolk kan vere å følge sjøvettreglane og vikepliktreglane til sjøs like nøye som ein følger trafikkreglane på land. Det er det ikkje alle som gjer.

Han viser også til at utfordringane er større utover sommaren når det er mange båtar på sjøen samstundes. Dei siste to åra har båtsalet auka kraftig.