Hopp til innhold

- Oj! Her var bensinen dyr, gitt

Folk som har køyrd forbi bensinstasjonen på Bryggja, har nok gjort store auge i dag. Her kostar nemleg bensinen 99,99 kroner.

Dyr bensin på Bryggja

DYRT: 99,99 kroner for ein liter bensin er kanskje i dyraste laget for dei fleste av oss.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er i alle fall det som står annonsert på skiltet utanfor stasjonen på riksveg 15.

- Det er ikkje så dyrt, altså

- Du er ikkje den første, og truleg heller ikkje den siste som har kommentert dette, seier personalet på Statoil Service Bryggja då NRK ringer.

På stasjonen fortel dei at ein feil gjer at skiltet i heile dag har vist svindyre prisar, på både diesel og bensin.

- Det er noko gale med skiltet, så vi får ikkje fiksa det. Men det er ikkje så dyrt altså, seier dei som arbeidar på stasjonen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dyr bensin på Bryggja

FORSKJELL: Prisen på pumpa og på reklameskiltet er, heldigvis, litt forskjellig.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Folk forstår at det er feil

Og dei som trudde at dei stive prisane har skremt vekk kundane må tru om att. For folk har fylt bensin som vanleg.

- Eg trur folk skjønner at det ikkje stemmer. Folk har teke det med godt humør, fortel dei som arbeidar på stasjonen.

Dei har ikkje lov opplyse om kva den eigentlege prisen på bensinen er, men kan forsikre NRK om at prisen er mykje lågare.

Etter det NRK får opplyst av folk som har fylt bensin her i dag, viste prisen på pumpa rett over 13 kroner literen.