Frøyanes med rekord frå baug til akter

– Det var heilt fullt om bord, seier Stig Ervik i Ervik Havfiske. Tysdag kom Noregs største linebåt til Raudeberg i Vågsøy med rekordlast frå Barentshavet.

Frøyanes kjem til Måløy med rekordfangst

REKORD: Frøyanes på veg til Raudeberg etter å ha «fanga» 14 millionar kroner i Barentshavet. Slikt slår positivt ut på lommeboka både til reiarar og fiskarar.

Foto: NRK.no-tipsar

Om bord hadde Frøyanes fangst for 14 millionar kroner. Og ei totallast på nær 880 tonn.

– Vel 500 tonn HG – eller hovudkappa fiskeprodukt, 50 tonn filet av hyse og tors, åtte tonn porsjonspakningar som går rett på middagsbordet og 32 000 hermetiske boksar med torskerogn, fortel ein godt nøgd driftssjef Stig Ervik og legg til:

– I tillegg kjem 75 tonn ensilasje av fiskerestar og slo.

– Slike turar vi vil ha

Sistnemnde er råstoff til dyrefôr og oppdrettsindustri. Med andre ord kom det 21 mann store mannskapet heim med mat til både menneske og dyr etter den sju veker lange turen til Barentshavet.

Stig Ervik er nøgd med fjorårssesongen

SMIL: Stig Ervik har grunn til å smile etter Frøyanes sin siste tur til Barentshavet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Turen starta i Tromsø 16. februar. Seks veker gjekk med til fisket. Den spesialbygde båten til 175 millionar kroner, fekk verkeleg vist kva den er god for.

Bygd med moonpool og utstyrt med fabrikk som produserer ferdigvare klare for butikken, og installert hermetikkfabrikk, kan båten trygt kallast for fabrikkautoliner.

– Vi har køyrt alle fabrikkane i båten, og utnytta det maksimalt. Det er slike turar vi vil ha, seier Ervik.

300 000 per mann

Fangsten er det meste den fire år gamle linebåten har hatt om bord. Båten har ein kvote på 1 800 tonn torsk og 770 tonn hyse. I tillegg kjem blåkveite, steinbit, brosme og lange.

– Sjølvsagt kunne ein produsert meir filet og ferdig produkt, men det var bra etterspurnad etter det vi produserer. Så då vart det denne fordelinga, seier han og vedgår at det fort blir store verdiar av ein slik fangst. Også for mannskapet.

– Vi har høyrt rykte om utbetaling på 300 000 per mann?

– Eg har ikkje kalkulert, og det er første turen vi har køyrt så mykje av fabrikken. Men det er sikkert ikkje så langt unna.

Skal til Island

Frøyanes vert skildra som eit flytande hotell. Den 60 meter lange og 14 meter breie båten har eige trimrom, kinosal og foredlingsanlegg om bord, og var ein av verdas største og mest avanserte då den kom frå Tyrkia i 2011.

– Vi har hatt den i fire år, og både prøvd og feila. Det er veldig bra for oss å sjå at båten fungerer slik vi tenkte då vi bygde båten, seier Ervik.

Ein del av produkta båten kom til Raudeberg med tysdag er allereie selde. Det som er ferdig går på norsk marknad, medan mykje hyse og torsk går til England.

– Båten har gått jamt sidan oktober. Den har berre vore inn og lossa. Så no skal den ha vedlikehald nokre dagar, før den går til Island, seier Ervik.