Her kjem Eirik til verda i skoddehavet – dette skjer stadig oftare

I gjenskinet frå blålysa kjem Eirik til verda. Stadig fleire barn i Norge blir fødde før dei rekk fram til sjukehus.

Marianne Furevikstrand fødsel i ambulanse

MAGISK LUKKE: Marianne Furevikstrand får møte Eirik rett etter fødselen under open himmel.

Foto: Tor Egil Furevikstrand / Privat

Dobbelt så mange føder ufrivillig utanfor sjukehus enn for 30 år sidan. Det gir større risiko for at borna døyr, syner forsking.

Natt til 29. mai køyrer ein bil gjennom skodda frå Holmedal i Askvoll mot Førde. Marianne Furevikstrand skal få sitt tredje barn. Mannen Tor Egil må jage vekk geiter i tunnelen og passere hjortar i vegbana.

Ambulansen på veg mot er også hindra av skodda. Nær Førde kjem pressriene. På ein parkeringsplass stoppar dei, utan at ambulansen er komen.

– Når dei kom var eigentleg ungen på veg ut, seier Furevikstrand.

Heldigvis rakk jordmor fram i tide:

– I ettertid er dette ei god historie, fordi ting gjekk så fint, seier Furevikstrand.

– Fødslar "langs vegen" er meir farleg

Men risikoen for at barnet døyr er tre gonger større enn om fødselen skjer ved ei fødeavdeling eller fødestove.

forsker og fødselslege Hilde Engjom ved Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssykehus

FORSKAR: Lege ved Kvinneklinikken Hilde Engjom meiner at mange fødslar utanfor institusjon er eit teikn på manglande helsetilbod.

Foto: NRK

Det syner ein forskingsartikkel frå UIB der 630 000 fødslar vart analyserte.

– Blant alle barn fødd etter 22 veke i svangerskapet døydde omlag 2 av 1000 barn under fødselen eller innan første døger. Ca 8 barn per 1000 døydde om dei vart født ikkje-planlagt utanfor institusjon, seier phd-stipendiat og lege ved Haukeland universitetssjukehus, Hilde Engjom.

Tidleg fødande og einslege kvinner var særleg utsette, men også fleirgangsfødande hadde dobla risiko.

Kvinner i Sogn og Fjordane og Finnmark har størst sjanse for å ikkje rekke fram.

Laster innhold, vennligst vent..

Gode erfaringar etter nedlagde fødeavdelingar

Men fem år etter at fødetilboda i Nordfjord og Lærdal vart lagt ned og erstatta med God Start-einingar, har ingen fødd langs vegen åleine, jordmor er alltid med, og det har ikkje vore alvorlege hendingar:

Merete Melheim

GOD START: Leiar for God start eininga i Nordfjord Merete Melheim.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Verste fall tankane har ikkje slått til, sa jordmor Merete Melheim til NRK førre veke.

​ – Målet er så god kvalitet som mogleg

Tom Guldhav er nøgd med fødselstala

INGEN ALVORLEGE FØLGJER: Avdelingssjef Tom Guldhav seier talet transportfødslar i fylket ikkje har auka etter nedleggingane i Lærdal og Nordfjord.

Foto: Bård Siem / NRK

Avdelingssjef ved Kvinneklinikken i Helse Førde Tom Guldhav vil ikkje kommentere forskingsartikkelen, men seier Helse Førde går gjennom transportfødslane:

– Vi lærer av hendinga, og ser på utfallet. Vi har ikkje sett nokon alvorlege følgjer av organiseringa.

I snitt har Helse Førde årleg 16 fødslar utanfor fødeavdelinga. Det er følgjeteneste med jordmor i ambulansen:

– Fødslar som går raskt er sjeldan kompliserte, seier Guldhav.

Sogn og Fjordane på landstoppen

Forskinga syner også at risikoen er blitt dobla dei siste 30 åra for å ikkje nå fram. ​ Samstundes har tal fødeinstitusjonar stupt frå 95 til 45 sidan 1979.

– Ei jordmor åleine kan ikkje erstatte eigna rom og naudsynt utstyr, meiner Engjom.

– Trygg på at det gjekk fint

For Furevikstrand var tala ukjende:

– Enkelte kan kanskje engste seg, men eg var trygg på at dette gjekk fint.