Hopp til innhold

Her kjem det ei storinvestering

Gulen står framfor storinvestering på 1000-årsstaden Flolid.

Gulatinget.
Foto: Svein Ove Hansli / NRK

I Gulen har ordførar Trude Brosvik (KrF) sagt ja til ein ny periode, men kan ikkje kjenne seg sikker på at det vil skje.

I Gulen er Senterpartiet størst med KrF og H rett bak – og ikkje langt bak desse igjen ligg Ap og V. Det må difor alliansar til og både Ap (Odd Harald Eide) og Sp (Halvard Oppedal) har nye listetoppar frå sist val.

Dei andre listetoppane er Arve Mjømen (H) og Dagfinn Midtun (V) I tillegg har FrP greidd å stille liste i Gulen i år. Gjert Knarvik toppar den lista, og det blir spennande å sjå kven som eventuelt tapar til Frp av dei andre partia.

Storbygg på Flolid

Gulen har 1000-årsstaden for Sogn og Fjordane. På Flolid stod demokratiet si vogge her i landet gjennom Gulatinget. No skal Flolid får sitt formidlingsbygg – stort og moderne. Bygget blir eit spleiselag mellom fleire, men Gulen må ta sin del.

Det kan føre til at kommunen får problem med å realisere eit anna sterkt ønskje i deler av kommunen: ein fleirbrukshall i Sløvåg-området.

Dett blir nok eit bakteppe når omkampen om eigedomsskatt truleg kjem igjen, og politikarane må diskutere samanslåing av ungdomsskular.

Hordaland vs. SFj.

Gulen grensar til Hordaland med kommunane Austrheim og Lindås. Dette gjer at deler av Gulen ønskjer å orientere seg meir sørover enn inn mot eige fylket. Gulen har også inngått nært samarbeid med kommunane sør før fylkesgrensa.

Kor sterkt Gulen skal orientere seg mot Hordaland og dermed løyse på banda inn i Sogn og Fjordane er bakteppe for ein del av den politiske debatten i Gulen og vil nok bli det sterkare i tida som kjem.

Gulen kommuneval

 

Ap

SP

KrF

V

H

FrP

1995

16,5

43,7

12,9

13,3

11,0

2,6

1999

22,9

21,9

21,6

14,1

19,4

 

2003

20,4

25,7

20,4

14,5

19,0

 

2007

14,3

28,8

21,8

13,5

21,6