Her kjem den digitale kinoen

I juni startar utrullinga av det digitale utstyret til dei norske kinoane. Først i september vil utstyret vere på plass i kinoane i Sogn og Fjordane.

3D-briller er på full fart inn i norske kinosaler

Kinopublikumet i Florø er dei første i fylket som får digitalt utstyr i kinosalen.

Foto: KIM KYUNG-HOON / REUTERS

Det nye utstyret gir deg betre lyd, klarare bilete og kortare ventetid på dei siste filmane.

- Vi vil framleis berre ha ein sal, men utvalet blir langt betre. Det blir rett og slett fersk film. Dette betyr at vi kan ha premiere samstundes som til dømes Oslo, og vi kan ha filmane så lenge vi vil, seier kinosjef i Flora, Ingvar Hopland.

I «første pulja»

Flora er i den «første pulja» her i fylket som får utplassert digitalt utstyr. Det betyr at ein i kystbyen kan sjå digital film, før til dømes kinopublikumet i nabobyen Førde.

- Det er berre hyggeleg, ler Hopland. Hyggelegare er det at det digitale utstyret er på veg til fjordfylket. Det nye utstyret betyr at ein også kan overføre til dømes fotballkampar og opera i kinosalen.

(Artikkelen held fram under oversikta)

Desse får digital kino i september

Kino

Sal

Aurland: Trudvang kino

Trudvang kino

Lærdal komm. kino

Lærdal kino

Årdal komm. kino

Årdal Ny Sal 2010

Sogndal

Storesalen

Sogndal

Vetlesalen

Balestrand: Friberg kino

Friberg kino

Høyanger komm. kino

Høyanger kino

Fjaler kino

Trudvang

Flora komm. kino

Flora kino

- Film er ferskvare

I dag går filmrullane på rundgang mellom kinoane. Det er dyrt å lage kopiar, difor blir det ofte ikkje så mange kopiar av kvar film. Med tidvis lang ventetid på ein ferskvare som film, kan filmane fort ha mista nyhendeverdien når den kjem til distrikta.

- Film er ferskvare og er ofte «snakkis» når den blir slått opp i større aviser. Men den kan fort ha mista nyhendeverdien når den kjem til oss to-tre veker etter, seier Hopland.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ventar med 3D

Utrullinga er eit spleiselag mellom Film & Kino og ulike distributørselskap. Kinoane spyttar inn ein eigendel på kring 300 000 kroner for å få realisert kostnaden på kring ein million kroner per kino.

- I tillegg kjem investeringa om ein skal ha 3D-biten. Vi har førebels ikkje bestemt oss for om vi skal ha det, seier Hopland.

(Artikkelen held fram under oversikta)

Desse får digital kino i oktober

Kino

Sal

Førde: Kino Førde

Lisjesalen

Førde: Kino Førde

Storsalen

Svelgen kino

Storsal

Bremanger kino

Bremanger kino

Måløy komm. kino

Friheim L/L

Gloppen komm. kino

Hovudsal

Stryn kino

Storsalen

Eid kino

Eid kino

Auka 48 prosent

Kinoen i Florø har plass til 400 publikumarar. Fjoråret gav eit kraftig løft i publikumsbesøket. 17 000 besøkande er ein auke på 48 prosent.

- Det er eit resultat av gode filmar, og så går folk oftare på kino. I tillegg har vi eit ungdomsprosjekt med rabattar til ungdomsgrupper, seier Hopland og vonar at digitalt utstyr gir kinoen nok eit løft.

- Eg håper og trur det. Statistisk sett er kino det kulturtilbodet som er mest nytta. Vi har oppgradert lyden og når ein også får fersk film, så kan vi i alle fall håpe og tru, seier han.