Hopp til innhold

Her kjem bilane ut frå tunnelen

Onsdag kveld starta arbeidet med å få ut personbilane som har stått inne i Gudvangatunnelen sidan brannen måndag.

Ein trailer og ein buss vil bli frakta ut av tunnelen torsdag føremiddag, opplyser politiet.

Når køyretøya er ute kan Statens vegvesen ta til med å klargjere arbeidet for trafikk, men det er ukjent kor lang tid det vil ta.

– Vil ta nokre timar

Då NRK er i kontakt med bilbergar Anders Frydenlund i Viking Lærdal klokka 19.40 har dei fått ut to bilar. Han seier det er snakk om i alle fall ti bilar i tillegg til campingbilar og hengarar som skal ut i løpet av kvelden.

– Det vil nok ta nokre timar, men vi stressar ikkje, seier Frydenlund.

Han fortel at køyretøya står på kryss og tvers inne i tunnelen.

– Det ser rett og slett ut som dårleg parkeringar.

Ber preg av hendinga

Og at bilane har stått inne i tunnelen då traileren tok fyr er det ingen tvil om. Alle bilane er nedsota, mange også innvendig, etter at heile tunnelen vart røyklagd, fortel Frydenlund.

– Nokre har fått meir skader. Det er snakk om skader dei har fått når dei har prøvd å snu, og andre har køyrd i kvarandre og skrapa opp bilane.

Dagens bilberging vert litt meir omfattande når det er så mange bilar, og i tillegg er det åtte kilometer å køyre for kvar bil. Det er heller ikkje nøklar i alle bilane, fortel Fydenlund. Viking Lærdal har no to redningsbilar i drift.

Dei fleste bilane skal ut på sida mot Gudvangen, men traileren og bussen som står att og skal ut av tunnelen torsdag, skal ut på andre sida.

– No skal vi først få ut bilane, så må vi oversikt. Men alle bilane må vel til eit skadesenter. Dei utanlandske køyretøya må vi ta inn til oss, seier Frydenlund.