Her kilte bilane seg fast på den smale brua

Ingen har fått fysiske skader, men dei to bilane stod kilt i kvarandre på den smale brua i Utvik i Nordfjord.

Kilt seg fast på bru

KORK: Det har danna seg lange køar på staden.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Trafikken går no forbi staden. Begge bilane må tauast.

– Det er ein bubil og ein personbil som har kilt seg fast på brua i Utvik. Årsaka veit eg ikkje, men bilane står såpass fast at personane inne i bilane sit fast, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Politiet bestilte bilbergar til å hjelpe bilane som står fast på Storelva bru i Utvik .

– Bilane må trekkast frå kvarandre for å få dei laus.

Det blei meld om lange køar i området.

– Nødetatar er på staden og entreprenør er på veg, meldar Vegtrafikksentralen.