Hopp til innhold

Venstre kan gjere reint bord som følgje av sjukehusstriden

Spennande om Venstre gjer reint bord i Eid som følgje av sjukehusstriden.

Nordfjordeid
Foto: unknown / NRK

Eid er kanskje den mest spennande kommunen ved dette valet. Eid har vore episenteret for sjukehusstriden som har ridd fylket dei siste åra, og sjølv om korkje lokalpolitikarane eller fylkespolitikarane har ansvar for dei vedtak og den utvikling gjeld sjukehus på Nordfjordeid, er det ingen tvil om at mange veljarar vil sei si meining gjennom stemmesetelen.

Kva skjer med Ap?

Arbeidarpartiet vart største parti i Eid ved sist val, tett følgt av Sp. Sonja Edvardsen (Ap) vart ordførar, Kjell Åshammer (Sp) vart vara.

Så toppa sjukehusstriden seg. Helseministeren (Ap) og den raud/grøne regjeringa sa ja til kraftige reduksjonar og endringar ved sjukehuset i Eid. Sonja Edvardsen kjempa heile vegen imot det som vart vedtaket, men var kalla inn som vara på Stortinget då sjukehussaka var opp der. Og ho vart "tvinga" av partigruppa til å stemme mot si eiga overtyding. Kva gjer veljarane i Eid med Ap og Sonja Edvardsen?

Senterpartiet har vore tøffe i kjeften i heile sjukehusstriden og tala lokalsjukehusa og spesielt sjukehuset på Nordfjordeid si sak. Men dei sit i regjering og heftar såleis ved dei vedtaka som no er fatta. Kva gjer veljarane i Eid med Sp og deira nye ordførarkandidat Sigurd Reksnes? Meiningsmålinga denne veka spår elendig val for Ap, dårleg for Sp.

Venstre tar alt?

Venstre stiller med den tidlegare politiske rådgjevaren og noverande leiaren i Måløy vekst, Alfred Bjørlo som ordførarutfordrar i Eid. Bjørlo har brukt sjukehussaka som Møllers tran og ved ei lokal meiningsmåling presentert i Fjordabladet tidlegare i år, slo han knockout på alle. I ei ny måling veka før valet aukar han ytterlegare og får over 40prosent. Ser ikkje ut til at Bjørlo har tatt for mykje Møllers tran.

Det fjerde store partiet i Eid er Høgre. I år har dei ny toppkandidat: Aina Jøranli Heggen. Kan Høgre overraske?

Andre listetoppar er Lars Svein Drabløs (Frp), Sissel Helen Ommedal (Krf) og Jorunn Sandvik (SV)

Treng pengar

Sjølv om sjukehussaka blir bakteppe for heile valet i Eid, er det ein kommune som har andre utfordringar og økonomien er trong. Eldreomsorga treng investeringar, enkelte parti vil bruke meir pengar på skule – og kor er så pengane.

For ein del parti er svaret her som mange andre stader: Eigedomsskatt. Eid er mellom dei få kommunane i fylket som enno ikkje har innført denne skatten.

Kommunesamanslåing

Eid får ein diskusjon om kommunesamanslåing i første rekke med Vågsøy og eventuelt Selje etter valet. Det vil Venstre og Alfred Bjørlo syte for. Dette er nemleg ein høgt prioritert debatt for Bjørlo.

Ei anna kampsak for Eid og som det truleg er stor semje om, er trase for E39 og fjordkryssinga. Eid vil ha vegen gjennom eigen kommune, men den avgjerda ligg i Oslo.

Eid - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

FrP

1995

13,2

3,7

31,5

6,9

13,8

25,9

5,0

1999

13,2

6,1

26,1

8,2

12,6

28,1

5,8

2003

16,8

6,7

27,3

6,0

22,9

12,8

7,5

2011

26,5

5,0

22,6

6,2

12,1

20,0

7,1