Hopp til innhold

Her kan du framleis stå på ski i helga

Den seine vinteren gjer at fleire skisenter held rekordlenge ope. Men denne helga er siste sjanse fleire stader.

skikøyrar i hodlekve

SISTE OPNINGSHELG: Denne helga er siste sjanse til å stå på ski ved Sogndal Skisenter Hodlekve.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Aldri før har vi halde ope så lenge som i år, seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes ved Sogndal Skisenter Hodlekve.

Skisenteret i Sogn har halde stengt store delar av vintersesongen, men kan no juble over ein ekstra kald mai månad.

Fleire stader er det meldt om snørekordar denne månaden. Det gjer godt for ein bransje som har slite tungt økonomisk som følge av korona-nedstenging.

– Vi har hatt stengt ein del av sesongen, og hadde eigentleg meir energi å yte. Så då bestemte vi oss for å halde ope, seier Grevsnes.

Per Odd Grevsnes, dagleg leiar Sogndal skisenter.

REKORD: Aldri før har Sogndal Skisenter Hodlekve hatt ope så langt ut i mai som i år. Men dette blir siste helga, fortel dagleg leiar Per Odd Grevsnes.

Foto: Bård Siem / NRK
  • Her kan du sjå kva skianlegg som har ope

Ny rekord

– Vi har ikkje hatt ope for publikum så seint før. Det er ny rekord, seier Jon Ivar Norheim, dagleg leiar ved Myrkdalen Fjellheiser.

Kristi himmelfartsdag hadde dei 700 besøkande. Denne helga blir avslutningshelga for senteret. Norheim er glad dei kan avslutte sesongen på denne måten.

– Tilbakemeldingane frå publikum er veldig positive. Dei får noko anna å tenke på, har noko å reise til og gjere på i helgene.

Norheim seier dei ikkje tener så mykje på å halde ope no, men meiner det er viktig med tanke på omdømmet blant gjestene.

– Ein gjest sa at «no har eg kanskje gløymt at det var ein dårleg sesong», fortel Norheim.

– Absurde snømengder

– Det er absurde snømengder i fjellet akkurat no, seier Sture Pilegård.

Han er dagleg leiar ved Hovden Alpinsenter øvst i Setesdal. 26. mai er den gamle rekorden for kor lenge dei har halde ope. Den slår dei med ei veke.

– Vi stoggar ikkje sjølv om kalender viser slutten av mai. Vi har så mykje snø, og så flotte forhold at vi køyrer denne helga og pinsehelga, seier Pilegård.

Som følge av koronasituasjonen og nedstenging, har skisenteret måtta permittere fleire tilsette. Pilegård er glad for å få hjula i gang igjen.

– Det er ti av ti poeng dette her, seier han.

– Det er viktig for bygda og for totaløkonomien i bygda at ein bles liv i arbeidsplassane igjen. Hyttefolket støttar oss og det er ein del dagsturistar, så dette har betydning for overnattingsplassane, daglegvarebutikkane og heile verdikjeda.

3. juli startar skisenteret opp sommarheisane.

Sture Pilegård

VIKTIG Å FÅ HJULA I GANG: Sture Pilegård ved Hovden Alpinsenter i Setesdal er glad for å få tilsette tilbake etter nedstenginga.

Foto: Hovden Alpinsenter

Siste helga

Også Uvdal skisenter har ope, og Fonna sommarskisenter har starta sesongen.

For Per Odd Grevsnes og skisenteret i Sogndal blir dette den siste helga dei held ope.

– Det har vore nokre dagar med høg skredfare, slik at toppturen kanskje kan vente til vi har fått snøomdanninga heilt til topps på fjellet. Då er vi eit trygt og godt alternativ, seier han.