Hopp til innhold

Her kan det kome 150 vindturbinar: – Galskap

200 meter høge vindturbinar kan bli plassert i fjellområda i Masfjorden og i Lindås. Turlaget er kritiske, medan grunneigar ønskjer møllene velkomen.

Masfjorden og fjellområde der det kan kome vindmøller

VINDKRAFT: Desse fjellområda i Masfjorden kommune i Hordaland er blant dei som kan få vindturbinar.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Dette er eit stort, flott fjellplatå. Det er klart at om du bygger vindturbinar her, så vil det vere øydeleggande, meiner Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland turlag.

Ho ser utover ein av områda i Nordhordland som NVE har merka ut som høveleg for vindturbinar.

– Bygger dei vindturbinar her, vil det bli heilt umogleg å drive med friluftsliv her i framtida.

Fleire område aktuelle

NVE har fått i oppdrag av Olje- og energidepartementet å finne område som kan vere eigna for utbygging av vindkraft. Dei har frist til å svare seinare i september.

Dei har blant anna peika på område i kommunane Lindås og Masfjorden. Måndag kveld inviterte DNT til folkemøte på Matre om planane.

Helene Ødven er ofte på tur på fjellplatået i Masfjorden, og meiner det er galskap å bygge vindturbinar der.

– Det blir rett og slett eit forferdeleg naturinngrep.

Midtfjellet Vindkraft

ØNSKA, OG UØNSKT: Vindturbinar, her frå Fitjar i Hordaland, blir ønska velkomen av nokre grunneigarar i Masfjorden.

Foto: Oddgeir Øystese

Grunneigar positiv

Planane om 150 vindmøller i fjella blir tatt godt imot av ein av grunneigarane. Hans Magne Haukeland meiner det er viktig å legge til rette for grøn energi.

Han er ikkje redd for å øydelegge urørt natur, slik turlaget meiner vil skje om vindturbinane kjem opp.

– Eg øydelegg ikkje meir enn det eg eig sjølv som grunneigar, og eg ser ingen motførestillingar mot å utnytte området til samfunnets beste, seier Haukeland.

Kor mykje har pengane du kan tene å sei?

– Pengane spelar ei rolle, men òg det at vi kan vere med på å leggje til rette for at vi får miljøvenleg energi.

Han seier dei som grunneigarar vil tene betydeleg meir enn det dei får frå vasskraft, men vil ikkje ut med kor mykje.

Wenche Midthun er også ein av grunneigarane som kan få tilbod om vindkraftutbygging. Men ho er ikkje samd med Haukeland.

– Dei øydelegg naturen. Dei kallar det for parkar, men det er industrianlegg. Eg er ikkje imot vindkraft, dei kan godt bygge ut vindkraft til sjøs og i låglandet, men eg synest ikkje dei skal øydelegge naturen slik dei vil her.

Grunneigar Hans Magne Haukeland i Masfjorden

POSITIV: Grunneigar Hans Magne Haukeland vil gjerne legge til rette for vindkraft.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Må få noko tilbake

Ordføraren i Masfjorden Karstein Totland (H) seier kommunen no skal svare NVE, men han meiner det fyrst er ei sak for kommunestyret om vind-selskapa blir samde med grunneigarane.

– Då må vi sjå på om vi får nok tilbake i form av lokale arbeidsplassar og kompensasjon for naturinngrepa, seier Totland.

Ordføraren understrekar at det er innbyggjarane i kommunen som må få avgjere om det skal opnast opp for vindkraft.

DNT hadde ikkje invitert NVE til folkemøtet måndag, men meiner det er viktig at folk får høyre om planane.

– Vi ynskjer at folk skal få kunnskap om det som held på å skje i fjella våre, seier Helene Ødven.

Folkemøte om vindturbinar på Matre

FOLKEMØTE: Mange møtte opp på Matre for å høyre om den moglege vindkraftutbygginga.

Foto: ANETTE BERENTSEN / NRK