Hopp til innhold

Skulle byggje hus – kan ha oppdaga viking-kjøkken

Under gravearbeid i Olden vart det nyleg funne gropar som folk har brukt til å lage mat. Arkeolog trur dei er frå vikingtida – eller eldre.

Forhistoriske kokegroper

FUNN: Sjåfør Martinus Vik heldt på å grave vekk matjord då han oppdaga desse forhistoriske kokegropene i eit byggefelt i Olden.

Foto: Martinus Vik

– Eg såg føre meg at vi kom til å få ein lang stopp i arbeidet, seier Inge Melkevoll som driv maskinentreprenørfirmaet Melkevoll Maskin i Oldedalen.

Det var ein av sjåførane hans som oppdaga noko litt uvanleg då han byrja med grunnarbeidet på ei tomt i Olden i starten av førre månad. Dei sende bilete av funna til arkeologane i Vestland fylkeskommune for å finne ut kva dette kunne vere.

Forhistorisk kulturminne

– Kokegroper er tilverkingsrom for mat som vi ofte finn i lag med andre busetjingsspor som hus, åkerflater og gravminne. Det er derfor viktig å undersøkje området. Det fortel fagleiar for feltarkeologi i Vestland fylkeskommune, Glenn Heine Orkelbog.

Fagleiar for feltarkeologi i Vestland Fylkeskommune, Glenn Heine Orkelbog

RASK: Fagleiar for feltarkeologi i Vestland Fylkeskommune, Glenn Heine Orkelbog seier dei prioriterer å sjekke arkeologiske funn fort på stadar der det vert gjort arbeid.

Foto: Privat

Han er klar på at Melkevoll har gjort alt rett og seier dei prioriterer å undersøkje slike funn raskt slik at arbeidet på staden kan fortsette.

– Kulturminnelova seier at ein er pliktig til å seie ifrå når ein gjer slike funn. Då er det ekstra kjekt når det er historieinteresserte folk som gjer slike funn, seier Orkelbog.

Forhistorisk kokegrop i Olden

MATPLASS: Kokegroper som denne har vore brukt til matlaging heilt sidan steinalderen. Vi veit enno ikkje kor gamal denne gropa er.

Foto: Martinus Vik

Heiv seg rundt

Han var ikkje sein om å ta turen til Olden for å få sett på funna etter at Melkevoll hadde tatt kontakt.

– Vi fann to fine kokegroper som vi no jobbar med å få datert. Eg tippar at dei kan vere frå vikingtida, men dei kan og vere endå eldre, seier Orkelbog.

Entreprenør Inge Melkevoll

INTERESSERT: Inge Melkevoll synest det er spanande å gjere arkeologiske funn.

Foto: Gro Melkevoll / Privat

I løpet av ein halv dag fekk dei gjort seg ferdige med undersøkingane og entreprenør Inge Melkevoll kunne halde fram med arbeidet sitt. Han synest på si side det er fasinerande å finne gamle spor av menneskeleg aktivitet.

–No er eg spent på å høyre kor gamle desse gropene er, seier Melkevoll.