Hopp til innhold

Jublar over mild vinter: – Det er som bingo

FØRDE (NRK): Lite snø og vårtemperaturar har vore gull for anleggsbransjen over heile landet.

Kristoffer Strøm i gravemaskin

GOD ARBEIDSVINTER: Lite tele og snø gjer at arbeidarane kan arbeida utan tidkrevjande utfordringar.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Det har vore ein kjempefordel for prosjekta at det har vore vårtemperaturar og mildt, seier dagleg leiar i Entreprenørservice AS, Thomas Østerbø.

På Hafstadflata langs E39 i Førde, utbetrar anleggsarbeidarane vegen. Dei lagar avkøyringsfelt og ny gang- og sykkelveg for å betra flyten. Vanlegvis skaper vintrane ulike utfordringar som arbeidarane må takla undervegs.

– Slik det er no sparar me oss for problem. Me kjem kanskje lengre ut i prosjektet enn me hadde tenkt, for det er lettare å arbeida, seier Thomas Østerbø.

Slepp å bruka slangar

– Det ligg mange kablar i jorda. Dei er vanskelege å grava fram om dei ligg nedi frosen tele. Det har ikkje vore tele og det har ikkje vore snø, så det har vore kjempebra for oss at det har vore tidleg vår, seier Thomas Østerbø.

Tele er frose jordlag. Ved kalde vintrar må i verste fall arbeidarane tina telen i jorda med slangar med varmt vatn.

Dersom det er frost og vinter må anleggsarbeidarane også brøyta og strø. Slike utfordringar er totalt sett tidkrevjande.

– Eg har no vore borti vintrar der det har vore både ti og tjue minus. Alle massane du held på med må tina. Det blir mykje meir å tenkja på før du går heim, alt frys, seier gravemaskinførar Kristoffer Strøm.

Kristoffer Strøm

NØGD GRAVEMASKINFØRAR: Kristoffer Strøm kan grava fritt utan å tenkja på å tina opp jorda fyrst.

Foto: Tonje Noregn Trøen / NRK

Kommunikasjonssjef for Veidekke, Helge Diset, stadfester at det på landsbasis har vore ein god vinter i bransjen.

– Det har ikkje vore så djup tele, eller så store snømengder som me har erfart ved tidlegare vintrar. For vegbygging over bakken har det difor vore ein god vinter, seier Diset.

– Det er som bingo

– Den variasjonen me har i vêret frå vinter til vinter er som bingo. Me veit ikkje kva me får. Dei seier det skal bli meir ustabilt vêr framover, men det er heilt umogleg å spå, seier dagleg leiar Østerbø.

Østerbø har tidlegare opplevd å måtta grava i tele i juni månad. Det var frost frå oktober til juni.

– Det var heilt forferdeleg, alt var beinfrose, seier Østerbø.

Han kommenterer at det har vore veldig mykje kjekkare å arbeida no i dette føret, enn slik det var førre vinter.

– No er det ingen avgrensingar. Alt anleggsarbeid som ein vanlegvis driv med kan me gjera i starten av mars månad. Det er gledeleg for oss, seier Østerbø.