Hopp til innhold

Her har nokon teke skrujarnet i eiga hand...

FØRDE/FLORA (NRK): Du har nok fått deg ei overrasking om du har køyrt bil mellom Førde og Florø i dag...

Førde-skilt plassert i Flora kommune

IKKJE FØRDE: Dette skiltet står nokre meter vest for Naustdalstunnelen i retning Florø. Og nei, du har IKKJE komme til Førde kommune her.

Foto: Truls Kleiven

Om det er nokon som er lei av å bu i Førde eller Flora – eller om det er snakk om eit finurleg strategisk utspel, er usikkert. Men einkvan har iallfall hatt ein heil liten jobb med å byte om kommuneskilta langs riksveg 5:

Nokre meter vest for Naustdalstunnelen står no skiltet med «Førde kommune». Og langs vegen mellom kommunesentera i Naustdal og Førde står no skiltet med «Flora kommune».

– Det er jo unekteleg morosamt. Kreativt, seier folk NRK har snakka med.

– Det ikkje sikkert dette er gjort med humor. Eg tenkjer det må vere innbyggjarane i Førde som no vil bli ein del av Flora. Det må vere den opplagte forklaringa, repliserer Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) med glimt i auga.

Flora-skilt plassert i Førde kommune

IKKJE FLORA: Dette skiltet står no langs riksveg 5 når du køyrer frå Naustdal mot Førde....

Foto: Truls Kleiven

Dei to sunnfjord-kommunane er kjende for å ha ei lang historie med rivalisering. Kanskje har ein naustedøl no prøvd å gjere noko med det? Eller er det eit innspel i debatten om kommunesamanslåing?

– Kanskje. Då er det vel eit innspel frå inbyggjane i Førde om at Flora skal vere med i den kommunen. Sånn sett er det eit kreativt innspel, humrar Teigen.

NRK har vore i kontakt med Statens vegvesen, som ikkje vil kommentere saka før dei har funne ut kva som har skjedd.