Hopp til innhold

Her har INP allereie innkassert ein stor politisk siger

300 meter høge vindturbinar har prega valkampen i fleire kraftkommunar. No blir planane i Høyanger lagt på is etter brakvalet til INP.

Høyanger kommune

NEI: Etter valet er det fleirtal imot vindkraftutbygging i Høyanger kommune.

Foto: Visit Norway

– Vi er kjempefornøgde, seier Jan Erik Dregelid, førstekandidat for INP Høyanger.

I det nye kommunestyret i Høyanger har det kome to ny representantar frå Industri- og næringspartiet (INP).

Det var nok til å skaffe fleirtal imot vindkraftprosjektet i fjellområdet Snøheia mellom Høyanger og Sunnfjord.

– Det er ikkje vits å ta saka vidare når du veit du tapar.

Det seier Petter Sortland (Ap) same dag som han blir attvalt som ordførar i kraftkommunen.

Kommunstyret i Høyanger om Snøheia.

INP har kome inn i kommunestyret og tatt mandat frå både Sp og Ap. Utan det nye partiet ville det vore fleirtal for utgreiing av vindkraftprosjektet.

Foto: Grafikk / NRK

INP har «Nei til vindkraft» som ein av sine kjernesaker, og blei det fjerde største partiet i kraftkommunen med 11,4 prosent oppslutnad.

– Vi er vanlege folk som går inn i politikken og eg trur det appellerer til folk, seier Dregelid.

Folket har talt

For det at INP frontar vanlege folk og går imot dei etablerte partia, har sørga for at dei vert representerte i 115 ulike kommunestyre landet over.

Jan Erik Dregelid, INP Høyanger.

Den ferske politikaren Jan Erik Dregelid er glad for å allereie sette preg på politikken i Høyanger.

Foto: Privat

Partiet har gjort det godt frå nord til sør langs kysten. Aller størst er partiet i øykommunen Vega i Norland med 28 prosent oppslutnad.

I 19 kommunar fekk partiet over 10 prosent av stemmene – dei aller fleste i Vestland.

I industrikommunane Kvinnherad, Høyanger og Ullensvang er partiet blant dei største. I Tysnes får INP endå til varaordføraren.

Industri- og næringspartiet gjorde brakvalg og ble blant de største i flere kommuner. 
Men hva står partiet for og hvem er de?

Industri- og næringspartiet gjorde brakval og blei blant de største i fleire kommunar. Men kva står partiet for og kven er de?

Vil ikkje gje opp kampen

Det er Hydro, Eviny og Zephyr som har gått saman for greie ut vindkraftprosjektet i fjellområda mellom Sunnfjord og Høyanger.

Den planlagde investeringa er på 3–4 milliardar kroner, med ein samla kraftproduksjon på 1 TWh.

Les også: Yara-topp frykter partier som er imot vindkraft får makt

Svein Tore Holsether, konsernsjef i Yara fra 2015.
Svein Tore Holsether, konsernsjef i Yara fra 2015.

Tilsvarande straumbruken til om lag 60.000 husstandar.

– Vi har vore tydelege på at vi treng kraft for sikre industrien vi har i dag og den vi skal lage i morgon, seier informasjonsdirektør i Hydro Halvor Molland og legg til:

– Vi vil fortsette med den gode dialogen vi har hatt med enkelte parti og har respekt for at det kommunestyre som no er danna får tid til å sette seg inn i saka.

Sortland, som har vore ordførar i Høyanger sidan 2011, meiner dei er totalt avhengig av å ha ein god dialog med hjørnesteinsbedrifta framover.

– Det vil vere eit sjølvskot av dimensjonar å slå handa av Hydro, seier han.

Fjellområdet Snøheia i Høyanger / Sunnfjord.

Det her på Snøheia Hydro vil ha vindturbinar, men enn så lenge er planane like kjølige som fjelltoppane.

Foto: Steinar Lote / Steinar Lote