Hopp til innhold

Her har geitene juletrefest – løyser eit søppelproblem

Desse geitene elskar smaken av juletre, og løyser eit avfallsproblem i same slengen. – Ikkje kast treet i peisen, seier feiermester.

Geiter et juletre

Geiter et juletre

– Det er berre å få glansen av treet, og ta det med ut i fjøsen, seier Anna Karine Marstein ved Undredal stølsysteri.

Kvart år steller ho til eit festmåltid for geitene sine. Og favorittretten er juletre.

Saka vart fyrst omtala i Sogn Avis.

Bygdefolket langt inne i Aurlandsfjorden er kjent for sitt nære forhold til geiter. Så lenge dei kan minnest, har undredølene følgt geitene sine til støls. I generasjon etter generasjon.

Og det kan sjølv ikkje koronaviruset sette ein stoggar for.

LES OGSÅ: Så lenge bygda kan minnast har dei følgt geitene opp på fjellet.

Geitene tygg både bark og nåler, og når dei er ferdige er det berre eit nakent tre som står att.

– Dei stormar til, knuffar og vil fram i køen for å få tak i godbitane, fortel Anna Karine.

Ho legg til:

– Det er ein veldig grei måte å rydde opp på.


Firbeinte grasklipparar

I juni fortalde NRK om dei «firbeinte grasklipparana» som drev slåttearbeid langs golfbana i på Sandane i Gloppen.

Lars Olav Eik, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, meinte geitene var perfekt rusta til å driva med gras- og skogrydding.

– Geitene et både tre og busker utan at ein treng å pressa dei, uttala han.

Også ved Vrangfoss og Hogga i Telemarkskanalen har geitene fått «sommarjobb».

Kan hende peiker geitene mot ei større løysing. For kvart år på denne tida skaper juletre på avvege store problem.

LES OGSÅ: Det gnistra av pipa da ein bebuar i Horten fyrte med juletreet i går. Brannmeister Henrik Oseberg seier juletre gir frå seg ein ekstrem, kortvarig varme som kan føre til pipebrann eller skade fyringsanlegget.

Laster Twitter-innhold

– Skaper ein eksplosiv brann

Dei største byane har for lengt oppretta eigne innsamlingspunkt for å handtere alle juletrea, men stadig er det mange som forsøker å kvitte seg med juleavfallet via peisen.

– Når du skal kvitte deg med juletreet, tenk godt over kor du kastar det, seier feiermester Jan Espeseth i Vestfold interkommunale brannvesen.

Han forklarar at barnålene skaper ein eksplosiv brann som er vanskeleg å kontrollere.

Morten Seljeskog er forskar ved Sintef Energi. Også han har åtvara mot å brenne opp juletrea.

– Fyller du opp vedomnen, peisinnsatsen eller den opne peisen med avkappa greiner frå juletreet, kan det fort oppstå ein ukontrollerbar forbrenning som skaper øydeleggjande temperaturar, gnistsprang og giftige gassar.

I Grimstad har de sin eigen løysing på problemet. Der har arrangementet «Juletrebrenning på Groos», i regi av KFUK-KFUM-speidarar, vorte ein meir enn 30 år gammal tradisjon.

Speieder med 30 år gammel tradisjon

Speidar med 30 år gammal tradisjon